Sveits

(Forteljing, 1885)

Av Matias Skard

(1872)

Uppi høgste knuten av Alpom ligg det eit lite land, klemt inne millom Frankrike, Tyskland og Italia. Det er Sveits. Sveits er eit bergland og likjest i mangt vaart eiget land. Det er eit av dei vænaste landom i verdi. Nede i dei rike, vokstlege dalom smøygjer elvarne seg fram millom dei mangbøndte gardom med aaker, eng og sume stader vinberg. So gjer elvi byks paa byks ned gjenom dei fagre fossarne, til ho trøytnar og tek seg ei liti kvild i eitkvart djupt, lognt vatnet; for slike er Sveits fullt med. So skundar ho seg vidare. Upp gjenom liderne veks det fager skog med eik, bok, kastanje o. s. b. So ris det agande fjellet ende til vers lik ei megtug kjempe. Til krune hev kallen isbreden, og som sylvhaarlagdar slengjer bekkjerne fraa breden seg ned kring akslerne paa honom, der dei fossande dansar, til dei er berre fraud og vert burte i lufti. Stig ein uppaa høgdi, ja der og er det væl fagert.

Det er dei store, graae, nakne fjellvidderne med dei djupe rivnom og dei himmelhøge fjelli, som gøymer toppen i skyom; og so dei store snjo-flæerne og isbredarne, der aftansoli speglar seg med makalaus glans og gløder, so heile viddi ser ut som eit eldhav.

I dette vesle, fagre landet bur det eit lite, gjævt folk. Kvar dei er ættad fraa er uvisst.

Fraa dei eldste tidom budde dei i landet og styrde seg sjølve; det var eit reint bondefolk. Det bergutte landet nøydde dei til aa bruka seg. Dei livde mykje av slaatt uppi Alpom, der det mest ikkje var framkjømt for sjølve geiti, og av aa veida steingeit i bergom. Dette var liv, som lærde dei aa nøyta seg og ikkje verta handfalne elder forveike, um det og saag halvvoret ut. Det fortelst at dei sume gonger laut skjera seg i føterne og blodvekkja seg, so dei skulde hanga betre paa, naar dei kleiv og gjorde vaagsprang fraa pall til pall. Dette livet gjorde dei kverve, hardbalne, gløgge og livfulle. Der olst og fridoms- og fedralandshugen fram; for han aukast nett, naar livet krev mans hug og dug, so ein lyt vigja heimen med stræv. So var det i Sveits. Ein sagamann segjer um Sveitsaranne: "dei talar ikkje mykje, men dei hev tankarne med seg. I dei einslege hyttom sine hev dei godt tilføre til aa tenkja i fred, og tankarne ber dei fram aat kvarandre, naar folket fraa bergom kjem saman ved kyrkja høgtidsdagarne".


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania , 1885. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad