Liti gjenta

(Dikt, 1918)

Av Aasbjørn Slettemark

I.

Eg møtte ei liti gjenta
med ljose og reine drag. 
Ho riste dei gule lokkar
og smilte og sa: goddag.

Eg møtte ei liti gjenta, 
det var nok ein dag ifjor.
Ho trippa so lett ved sida
si ljose og bleike mor.

Ho trippa so lett ved sida
den mori so ljos og bleik. 
Og djupt der i grøne skogen
ho tumla i lettan leik.

II.

Eg høyrde ei liti gjenta
i sengi si laag og gret. 
Det var slikt eit tot av stormen
som ute i skogen let.

Eg høyrde at nokon tyssa, 
so graaten ho stagga laut. 
Det sukka so tungt i skogen, 
og vinden i lidom taut.

Og for aa faa graaten stansa
i aaklæsnippen ho bit. 
- - Men burt i den andre sengi
ligg mori still og kvit.

III.

Eg møtte ei liti gjenta
med ljose og reine drag.
Dei gule lokkar var fletta. 
Ho kviskra so stilt: goddag.

Eg møtte ei liti gjenta,
det var nok ein dag i vaar.
Ho er no so reint aaleine
der ljos og bleik ho gaar.

So reint, so reint aaleine
ho gaar der so ljos og bleik.
Og ingen i grøne skogen
seg tumla i lettan leik.
 


Frå For Bygd og By. Sundag 27. Januar 1918. Nr. 2. 7. aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad