Skråninga

Mor mi og negeren vart ståande og prate i lag ute i gangen. Mor mi lo høgt mange gongar mens dei prata. Ho prata og prata og lo og lo. Stemma hennar sildra som ein bekk i sommar-skogen, og ho vart aldri ferdig med å prate med den jævla negeren. Far min opna skuffa i skatollet og tok fram spritflaska igjen. Han var svart av sinne og han gurgla når han drakk. Mor mi prata og prata med negeren. Negeren snakka skeiv norsk med den djupe stemma si. Mor mi lo av nesten alt negeren sa. Mor mi var så kolossalt lystig i dag. Far min sette seg i sofaen. Far min stira rett framfor seg. Han pusta fortare og fortare. Latteren til mor mi klirra ute i gangen. Eg hadde aldri hørt mor mi le slik som no. Av og til hørte eg den buldrande negerlatteren også. Minutta kraup av garde, men mor mi vart aldri ferdig med å prate med negeren. Brystkassa til far min gjekk fort fram og tilbake no. Nevane hans knua spritflaska, og knokane var blåkvite. Mor mi lo så ho hiksta ute i gangen, og negeren berre fortsette å snakke. Han snakka høgt med den mørke buldrestemma si, og mor mi lo av nesten alt han sa. Far min tok til å vagge på hovudet. Plutseleg tok han til å flire han også. Han lo lågt mellom samanbitne tenner. Auga hans var smale og hatefulle. Han tok ein djup slurk av spritflaska.

Ei stund seinare kom mor mi inn igjen. Ho gjekk plystrande inn på stua. Ho var ufatteleg umusikalsk, og plystrelyden stakk som ein syl mot trommehinnene mine. Far min sette spritflaska på stuebordet. Han tørka seg over munnen og sa æhhh. Han la armane bak hovudet. Han hadde eit rasande glis i fjeset, og han stira på mor mi. Han var stiv i blikket og blunka ikkje ein einaste gong. Er du fornøgd no? sa han. Mor mi nikka. Ho gliste mot far min. Ja, kjære, sa ho. No er eg fornøgd, sa ho. Ho gjekk ut på kjøkkenet. Ho sto og nynna ute på kjøkkenet. Far min vart sit-tande i sofaen ei lita stund til. Han rista på hovudet og flirte for seg sjølv. Fy fan, sa han. Han reiste seg. Han sleikte seg rundt munnen. Han vart ståande og sjå ned i stuegolvet. Han rista på hovudet og sleikte seg rundt munnen igjen. Mor mi opna kjøleskapet. Ho song tralala og kikka i kjøleskapshyliene. Ho tok ut blautkaka og sette ho oppe på benken. Far min kom ruslande inn på kjøkkenet. Han vart ståande å stire på mor mi. Han rista på hovudet da han såg blautkaka. Han fnyste fram fliret sitt. Så er det på’n igjen, sa han. Så er det til med å demonstrere igjen, sa han. Mor mi smilte mot han. No skal det sanneleg smake med blautkake, sa mor mi. Ho tok fram kakespaden og la han oppå blautkaka. Mor mi lo. Nei, det der blir for lite, sa ho. Ho flytta kakespaden litt til høgre. Mmm, sa ho. Far min tok eit skritt nærmare mor mi. Du trivst no? sa han. Han gliste mot mor mi. Du synest det er artig å halde på slik? sa han. Mor mi såg smilande på far min. Ho freista vere lystig da ho snakka: Kva meiner du kjære? sa ho. Far min såg ned og rista på hovudet. Han pressa eit lite hehe mellom dei samanbitne tennene. Mor mi såg smilande på han. Ho sa fram eit lyst hm. Far min flirte mot golvet nokre sekund til. Mor mi spurde om han også var i godt humør. Mor mi sa det var fint at han var i så godt humør. Mor mi sa ho var i storslegent humør sjølv ho. Far min retta seg opp med eit rykk. Far min eksploderte framfor mor mi. No bør du for fan passe deg, brølte han. Din jævla niggerelskar, brølte han. Far min reiv til seg blautkaka. Han løfta blautkaka over hovudet og kasta ho alt han greidde ned i vasken. Kremen splatta kvite blemmer utover heile kjøkkengolvet. Far min kvervla rundt og kjørte peikefingeren oppunder nasen på mor mi. Han snakka med låg og skjelvande stemme. No, sa han. No, sa han ein gong til. No, sa han for tredje gong. Peikefingeren hans skalv og dirra. No bør du verkeleg passe deg, sa han. Mor mi sto framleis og smilte. Du bør no passe på litt sjølv også, sa ho. Ho snakka framleis med den lystige tantestemma. Du må ikkje bli så sur og sint, sa ho. Blodtrykket ditt har ikkje godt av det, sa ho. Og du som har alkoholproblem må jo passe litt ekstra på, sa ho. Ho smilte mot far min. Far min var ueinig i at han hadde eit alkoholproblem. Far min hata alt snakk om alkoholproblem, og han pla skru av fjernsynsapparatet når dei snakka om alkoholikarar. Han vart ståande og stire på mor mi i eit halvt sekund. Munnen hans var halvopen, augebryna krumma seg og det såg ut som om han ikkje hadde forstått heilt. Far min slo fort og uventa, og knyttneven trefte mor mi rett over eine auget. Mor mi tumla nokre skritt bakover før ho datt på ryggen og slo bakhovudet mot dørkarmen. Ho vart liggande heilt stille.

Eg måtte ta pause i skrivinga igjen nettopp. Therkildsen banka på døra mi og kom inn. Therkildsen skulle til å seie noko, men eg avbraut han straks han hadde opna munnen. Eg ropte nei, nei, nei til Therkildsen. Ikkje no, ropte eg. Therkildsen spurde om eg ikkje skulle ha mat. Nei, for helvete, brølte eg. Eg hørte Therkildsen mumle noko før han gjekk sin veg. Eg må ikkje dette ut av det no. Eg må ikkje stoppe opp no. Eg må skunde meg å skrive vidare no, bøye meg over pulten og skrive vidare no. Far min bøygde seg over mor mi. Eg åtvara deg, sa far min. Eg åtvara deg, sa han ein gong til. Han gjekk inn på stua og sette seg. Mor mi låg på golvet og ynka seg. Etter ei stund stabla ho seg på beina, og stabba ynkande inn på soverommet. Eg sprang inn på rommet og lukka døra etter meg. Like etterpå ringte det på døra igjen. Eg vart berre sittande og stire på den bukkeliknande telefonen. Eg rista og skalv, og bukken berre brekte og brekte. Dei var nok på sporet av meg no. Dei var nok ute etter meg no. Insekta krafsa og kravla under huda på meg. Insektbeina pilte oppetter ryggen og nedetter magen, og telefonen berre ringte og ringte. Far min brølte da det ringte på døra igjen. Far min lurte på kven i helvete som ringte på no igjen. Eg sette meg opp i senga og kikka ut av vindauget. Det var ein mann med ein bladbunke som hadde ringt på. Far min kalla mannen for ein religiøs tulling. Far min klemte foten hans i døra og sa han skulle dra fan i vold. Far min banna stygt da han hadde jaga den religiøse tullingen. Han gjekk inn på stua og sette seg igjen. Ei stund etterpå måtte eg på toalettet ein tur. Eg gjekk ut av rommet og lista meg ned igjennom gangen. Far min sat i sofaen og skulte mot meg. Han hadde sløve auge og glinsande lepper. Han sat og hikka oppe i sofaen. Av og til rulla det ei bølgje gjennom kroppen hans når han hikka. Han hadde lagt seg på sofaen da eg kom ut av toalettet igjen. Han sov framleis på sofaen da mor mi kom og henta meg ut av rommet. Mor mi hadde eit plommestort blåauge, og ho kviskra at vi skulle på hytta ein tur. Eg spurde kva vi skulle på hytta for, men mor mi sa eg måtte skunde meg og komme no. Eg sa eg ikkje ville på hytta no. Mor mi retta peikefingeren mot meg. Ho sa at no måtte eg ikkje byrje igjen. Eg gjentok at eg ikkje ville på hytta no. Mor mi trekte pusten og såg bort ein augneblink. Ho snudde seg mot meg igjen. Vi skal på blåbærtur, sa mor mi. Eg skjønte godt at vi ikkje skulle på blåbærtur, men eg sa ingenting. Spring ut i bilen og sett deg, sa mor mi. Eg skal berre finne spann til oss, sa ho. Ho kom ut med to blåbærspann.

Det tok to timar å kjøre ut til hytta. Vi byrja å plukke blåbær straks vi hadde komme fram. Etter ei stund gjekk mor mi inn i hytta og tok til å reinske bæra. Mor mi sat attmed det vesle klaffebordet da eg kom inn. Kanskje vi skal ligge over på hytta? sa mor mi. Mor mi lurte på kva eg sa til det. Ho sa ho hadde med godter og all ting. Eg vart ståande og sjå på mor mi. Far min hadde kalla mor mi ein niggerelskar, og mor og far min skulle nok skiljast no. Mor mi skulle nok bli i lag med den jævla niggeren no. Eg ville fan ikkje vere i lag med mor mi og den jævla niggeren. Eg sa eg hadde lyst til å kjøre heim igjen. Mor mi stira på meg nokre sekund. Det tilgjorte smilet hennar forsvann frå ansiktet. Ho snurpa i hop munnen sin. Ho fnyste og rista på hovudet. Jammen skal ein freiste gjere det triveleg, sa ho. Ja, ja, sa ho. Da blir det i alle fall ikkje godter på deg, sa ho. Mor mi tok til å reinske bær igjen. Ho reinska med raske og sinte handmanøvrar. Eg vart ståande og pirke skit frå eine naglen. Eg sto og tenkte meg om. Eg sa at eg kunne ligge over om negeren heldt seg borte. Mor mi såg opp på meg. Kva er det du snakkar om? sa ho. Eg sa ikkje nokon ting. Mor mi vart sittan-de og sjå på meg ei lita stund. Herregud, sa ho plutseleg. Trudde du eg hadde noko med han å gjere, sa ho. Ho lo høgt. Du store min, sa ho. Nei, nei, nei, sa ho. No har du misforstått, sa ho. Eg vart svært letta over at ho ikkje hadde noko med negeren å gjere. Eg sa det var greitt at vi låg over i hytta i natt. Eg hadde drømt så forferdeleg i det siste. Eg hadde drømt om den fislande småfuglsongen igjen. Fuglekvitteret kom sprutande gjennom den grønskjelvande bjørkeskogen. Småfuglane sat og freste oppe i dei lubne bjørketrea, og eg var gjennomblaut av sveitte da eg vakna. Eg gjekk ut på kjøkkenet og sette over kaffien. Eg vart sittande og drikke kaffi heile dagen. Eg skalv på handa, og den knyttneveliknande hjertemuskelen klapra som ein gammal båtmotor. Eg tok med meg koppen og sette meg framfor skrivemaskina. Eg vart sittande og sjå ned på tastaturet på skrivemaskina. Eg sat lenge utan å skrive nokon ting. Eg berre stira og stira ned på tastaturet. Etter kvart byrja tastaturet å forvandle seg til ei folkemengde. Stadig fleire folk kom stimlande til. Dei kom frå alle kantar, og snart myldra det av folk der nede. Eg var ein fyrste som sto oppe på balkongen og stira ned på fol-ket mitt. Folket var berre svarte prikkar for meg. Eg kunne ikkje sjå ansiktet på ein einaste ein av dei, men eg skjønte at dei sto og såg opp på meg. Etter ei lita stund kom eg til meg sjølv og byrja å kommandere. Skrivemaskina klapra fram bilde etter bilde. Bokstavar este ut til ord, og ord este ut til setningar. Eg sat og skreiv i fleire timar i strekk. Eg var inne i hovudet på far min mens eg skreiv. Eg freista vere far min mens eg skreiv. I time etter time sat eg og kikka ut av skallen hans. Eg såg det far min såg, og eg sa det far min sa. Etter kvart som tida gjekk, likna eg berre meir og meir på far min.

 

_________________________________________________________________

Frå Carl Frode Tiller: Skråninga. Aschehoug 2001. Side 139-144.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2019.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_________________________________________________________________