Jonas Vellesen
Jonas Vellesen, kyrkjesongar og lærar, ein pioner når det gjaldt nynorske lærebøker for folkeskulen.
![]() |
Jonas Vellesen |
Vellesen vart fascinert av Ivar Aasens arbeid alt i 1850-åra, og etter jamstellingsvedtaket i 1885 sette han i gang med å skrive nynorske lærebøker for folkeskulen. Den fyrste bok aat barnet kom ut i 1889, og boka vart stadig trykt opp att, den siste utgåva kom så seint som i 1945. Etter det skreiv han den første nynorske grammatikken for skulebruk og eit par historiebøker. Norske emne med rettleiding til aa læra skriva nynorsk (1909) var ei samling tekstar som kunne brukast til avskrift, diktat og attforteljing. Gamle lærarar kan fortelje at denne tekstsamlinga var i bruk så seint som rundt 1970.
Alle bøkene til Vellesen vart trykte i fleire opplag. I fleire av dei brukte han i-mål, og fleire av dei mest populære kom også på riksmål.
Frå "Jonas Vellesen", Allkunne.no, sist oppdatert 30.4.2013 [lesedato 8.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
Publisert av Siri Beate GjerdePublisert
Daa det vart formyrking
(Forteljing, 1898)
Dei strævar kvar med sitt
(Song, 1902)
Ein Sporv
(Leseøving, 1902)
Gode bind paa skulebøker
(Artikkel, 1901)
Kraaka sit paa hagagard
(Song, 1902)
Noreg vert samla og kristna. 860-1035
(Lesestykke, 1896)
Norske framsteg
(Lesestykke, 1896)
Paal paa Haugen
(Folkevise, 1902)
Ro, ro til Siraland
(Song, 1902)
Paa stølen
(Lesestykke, 1902)
Syngjar-steinen
(Forteljing, 1902)