Werner Werenskjold

Werner Nilsen Werenskiold, jurist og målstrevar.

Werner Werenskjold
Werner Werenskjold

Werner Werenskiold var fødd i Drammen 22. april 1831 og døydde 20. oktober 1908. Han vart student i 1849 og tok juridisk embetseksamen i 1855. I åra 1854–56 var han sakførarfullmektig, og sidan arbeidde han i hovudsak i statsforvaltninga, der han var innom fleire departement.

Werenskiold var ein av mennene bak bladet Vort Land, som kom ut i 1867. O.A. Vinjes Dølen var ein periode ein del av dette bladet. Sidan var Werenskiold med på å gi ut landsmålsbladet Andvake i 1871. I 1868 var han òg med på å stifte Det Norske Samlaget, og han møtte gjerne på møta der.

Werenskiold var blant dei som meinte bygdemåla i større grad måtte verte dyrka i landsmålet. I 1866 gav han ut boka Salomons laas. Forteljing i Thelemaal, emna fraa Tusend og ei Nott, som han skreiv på telemål. Han sette ikkje namnet sitt på boka, men det vart raskt kjent kven som hadde skrive henne. Werenskiold heldt fram med å skrive, og han publiserte både på telemål og på dansk, men oftast under pseudonym.


Frå Jens Johan Hyvik: "Werner Werenskjold", Allkunne.no, sist oppdatert 10.10.2014 [lesedato 8.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

Anton Aure: Werner Werenskiold. Biografi (1915)