Ein veidemann av eit anna slag

(Lesestykke, 1901)

Av Olav Aasmundstad

No skal de faa høyra um ein mann av eit anna slag. Han heitte Per. Han og var skyttar. Kvar den sumar gjekk han i skog og fjell, og matskreppa og byrsa hadde han med seg; men eg hev aldri spurt at han skaut noko.

Naar han fann eit godt stelle i skogen, med mjuke mosetuvor og lyng, so la han fraa seg skreppa og byrsa, gjorde seg upp ein verme og sette seg til aa eta. "God verme er best, tykkjer eg," sa han, naar han hadde ete seg mett og laag snudde seg paa mose-tuvorne.

Ein gong rugga han upp igjenom dalen med byrsa og ei stor matskreppa. Han vilde til fjells og skjota bjørn daa. Som han kom upp um Risdals-gardarne til ei bekkje-sik heiter Kvisli, so møter han ein bjørn paa fred nedyver. Per gjorde ein krok nedum vegen, men bjørnen gjorde kroken upp-um. "Ja vil ikkje du ansa meg no, so skal ikkje eg sansa deg noko heller," sa han Per, daa dei gjekk framum einannan.

Ein anna gong var han inne i Sikjelsdalen, og daa hadde han fylgje. Det er ein rettug fin fjelldal, denne Sikjelsdalen, med høge bergveggjer, og sume stader so bratte at det ikkje er framkjømt. Nedunder er det fagre hamnekvelvar med lauvskog ikring og med gras mest til knes. Endelangs ligg eit vatn. Der er svært vaar-kjømt, og um hausten stend vinbæri og heggjebæri gruskare enn mang ein gong frami bygderne. Naar bjørnen er komen ut or hiet sitt, og det er hard vaar og vondt um mat, daa tyr han ofte av burti Sikjelsdalen og held til upp-under bergi der. Der er det berrflekkjer og grøn gror fyre noko anna stelle.

Som han Per og fylgjet hans stod ned-med vatnet, fekk dei sjaa ein bjørn upp-under bergi.

"Aa, lat oss gaa upp og skjota honom," sa han som var med.

"Nei nei, kjære deg, gjer ikkje det! men lat oss skjota laust, skal du sjaa kor frisk han vert," sa Per og smelte av eit skot.

Ikkje fyrr var skotet løyst, so runde det fraa berg til berg, og bergljomen kom attende fraa ymse leider, so det var som hundrad byrsesmellar; og bjørnen, som tykte det small ovanfor seg, la i eit sprang ned-etter fraa bergi.

"Ja so sanneleg kjem han!" ropa Per og sprang i baaten; han trudde at bjørnen kom i fullt sinne og vilde taka deim.

[Note:]
Vinbær: ribs.


Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Fyrste bandet. Kristiania: Alb. Cammmermeyers Forlag 1902. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad