Han Isak Rustom

(Lesestykke, 1903)

Av Olav Aasmundstad

Det er ein liten gard paa Sèl som heiter i Rustom. Der var det ei kona som fekk tri gutar i ein gong. Foreldri tykte detta var so merkelegt, so dei vilde faa kalla uppatt dei tri bibelfedrarne, og gutarne vart heitande Abraham, Isak og Jakob. Alle livde til dei vart menner. Abraham-namnet er burtkome, men Isak og Jakob er i ætti endaa.

Isak vart den fremste; han var framum dei fleste i mange ting. Han var so glad i fela og so overlag til aa laata. Mange av dei beste springdansarne i Gudbrandsdalen heiter endaa Gamall-Isak-leiken. Sume hev han gjort, og sume hev han spela so godt at folk lagde paa deim namnet hans straks dei høyrde deim. "No kjem ho," sagde han, naar han hadde stillt fela si til ein springar.

I 1789 skulde han ut imot svensken. Fela hadde han med seg. Han kom aat Vik i Kvam; der skulde kararne samlast. Tunet var fullt med folk og øykjer. Mange av kararne var sturne, men han Isak stod uppaa ein grindstolpe, spela halling og dansa attaat. Og best det var, gjorde han eit kast, spratt av stolpen og yver tri øykjer som stod bundne til jamte der, og stod att i garden med fela i hand.

Ein gong sidan bar han ei salt-tunna upp gjenom ei tropp; men daa spratt baae knebandi hans av, so hardt spentest det i leggjerne. Han var berre liten paa vokster.

I 1809 hadde han fenge kjerring og born. Det var hardt for mat hjaa honom som hjaa so mange i dei tider. Borkebraud og alvnævergraut var jamfaren kost hjaa baade høge og laage. Daa gjekk han Isak aat Veslehamar og kjøpte seg ei tunna korn, og den bar han uppyver att. Han bar henne i tvenningom, fyrst ein halving, og so var han attende etter den andre. Soleis sleit han seg fram dei ni milerne, og fekk henne heim og paa turkestova. Men um natti vart ho burtstoli.

Isak var mykje paa femte tjuget daa han døydde. I dei siste aari var han blind.
 

Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Andre bandet. Kristiania: Alb. Cammmermeyers Forlag 1903. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad