Njaals-sønine

(Omsetjing, 1901)

Av Olav Aasmundstad

[Omsetjing frå Njåla]

      Runolv, son hans Ulv Ørgode aust paa Dal, var svært godvenir med Traain og hadde bodi han heim aat seg; og de vart avtala, at han skulde koma austpaa naar de leid tri vikur eller ein maanad paa vinteren. Traain bad med seg aat denne ferdi Rapp, Grane Gunnarsson, Gunnar Lambeson, Lambe Sigurdsson og Lodin og Tjørve. Dei var aatte. Alle var fullt væpna. Dei reid aust yvi Markarfljot, og der raaka dei nokre fatigkjeringar, som bad deim hjelpe seg yvi elvi. Dei gjorde de. So reid dei aat Dal og vart vel mottekne. Kjetil fraa Mork var komin der fyri deim. Dei var der i tvo nætar. Runolv og Kjetil bad Traain at han skulde semja seg med Njaalssønine; men han svara tvert, og meinte han aldri vilde gjeva bot, og sagde han var ikkje uferdug til aa møte Njaalssønine, kvar de so var.
       "Kann nok vera de," segjer Runolv; "men de meiner eg, at ingin er maken deira no, etter at Gunnar paa Lidarende lét live, og de er helst likt til at dette endar med din eller deira bane."
       Traain sagde at de fælte han ikkje for.
       Markarfljot rann opi etter midten, men etter baae sidune laag fast is, og smaa spengar yvi her og der. Traain sagde at han etla seg til aa ride heimatt um kvelden. Runolv vilde ikkje han skulde ride heimatt den kvelden, og sagde det var varlegast av han aa ikkje fara den tidi han hadde sagt.
       Traain sagde: "Ræddhug er de, og de vil eg ikkje."
       Desse fatigkjeringane som Traain hadde hjelpt yvi fljote kom til Bergtors-kvaal, og Bergtora spurde kvar dei var fraa. Dei sagde at dei var austanfraa under Øyafjellom.
       "Kven hjelpte dykk yvi Markarfljot?" segjer Bergtora.
       "De var rektig stor-knapar de," segjer dei.
       "Kven var de?" segjer Bergtora.
       "Traain Sigfusson," sagde dei, "og fylgjesmennane hans; men de tykte me var leidt, at dei brukte so mange og vonde ord um mannen din og sønine hans."
       Bergtora sagde: "De er mange som ikkje sjølve fær velja de ord dei fær paa seg."
       Sidan fór dei burt, og Bergtora gav deim gjølegaavur og spurde etter kva tid Traain skulde koma heim att. Dei sagde at han vilde vera heimanfraa fire nætar eller fem. Dette fortalde Bergtora aat sønine sine og Kaare, maagen sin, og dei tala lengi løynt.
       Men same morgonen som Traain reid vestetter vakna Njaal tidleg og høyrde øksi hans Skarphedin slo innpaa bordveggen. Stend so Njaal upp og gjeng ut. Han ser sønine sine med vaapn alle saman, og like eins Kaare, maagen hans. Skarphedin var fremst; han var i blaa kufte, hadde ein kort skjold, og øksi si paa oksli. Næst honom gjekk Kaare. Han hadde silketrøye og gylt hjelm, og skjold som de var maala ei løve paa. Næst honom gjekk Helge. Han hadde raud kjole og hjelm og raud skjold med ein hjort til merke. Alle var dei i lìtaklæde. Njaal ropa paa Skarphedin:
       "Kvart skal du av, frende?"
       "Paa saue-leiting," sagde han.
       "So var de og ein gong fyrr," segjer Njaal; "men daa veidde démennar."
       Skarphedin log og mælte:
       "Høyrer dékva kallen segjer, fâr vaar; han er ikkje so faatenkt. "
       Njaal gjekk inn. Men dei drog upp i Raudskridune og bia der. Fraa der kunde dei sjaa, so snart dei hine reid austan fraa Dal. De var solskin um dagen og klaarvòr. No rid Traain og dei nedetter fraa Dal etter øyrane. Lambe Sigurdsson mælte:
       "Det blìkar paa skjoldar i Raudskridom, som soli skin paa; de er fulla nokon som hev lagt seg i veg for oss der."
       "Daa skal me snu og fara nedmed fljote," segjer Traain; "so kann dei koma til møtes med oss, um de er aat oss dei eig ærend."
       Dei gjorde so.
       Skarphedin mælte:
       "No hev dei set oss; difor snur dei leidi. Og no er de ikkje anna for oss aa gjera enn aa laupe ned og koma i fyrivegen for deim."
       Kaare mælte:
       "De legg seg mange i veg for folk og eig ikkje yvimun den vegen som me; dei er aatte, og me fem."
       Dei tek no vegen nedmed elvi, og ser ei spong lenger nede, som dei etlar seg yvi. Traain og dei med honom stâna ovanfor spongi paa isen. Traain mælte:
       "Kva kann desse mennane vilja? dei er fem, men me er aatte."
       Lambe Sigurdsson mælte:
       "Eg gjet paa at dei hadde vaaga de, um de so stod endaa fleire i veg for deim."
       Traain tek av seg kappa og hjelmen. De hende Skarphedin, daa dei sprang nedmed fljote, at sko-reimi hans rauk sund, so han vart att-heftande.
       "Kva er de som held deg att?" segjer Grim.
       "Eg bind skoen min," segjer Skarphedin.
       "Lat oss fara fyri," segjer Kaare, "eg tykkjest sjaa paa Skarphedin at han er likso fort framme som me."
       Dei fór i sprang nedetter, aat spongi. Skarphedin spratt upp, so fort han hadde bundi skoen sin, med øksi Rimmugygi i vòre, og sprang til og beint paa elvi; men den rann so djup, at ho ikkje var komande yvi paa lang leid. Paa austsida hadde de lagt seg eit stort issvell, haalt som glas, og midt paa de stod Traain og dei som med honom var. Skarphedin set til og skyt seg tvert yvi raaki fraa den eine isbarden til den andre; stanar ikkje daa han er yvi komin heller, men fer skridande burtetter isen. Svelle var slikjande haalt, og han fór so fort som fuglen flyg. Traain stod nettupp og skulde setja paa seg hjelmen; men fyrr han fær gjort de, kjem Skarphedin farande og høgg til Traain med øksi Rimmugygi; hogge raaka i hovude og kløyvde de ned til jakslane, so dei datt ned paa isen. Dette var so svint gjort, at ingin fekk hogg paa han; for han fer fljugande sin veg att i same renne. Tjørve kasta ein skjold for føtane paa han; men han hoppa yvi og stod att, og rende aat enden paa svelle. Daa kom Kaare og dei andre til møtes med han nedantil.
       "Dette var gjort paa kara-vis," segjer Kaare.
       "Déhev att dykkar lùt, segjer Skarphedin.
       Dei vender seg no mot dei andre. Grim og Helge fær sjaa kvar Rapp er, og vender seg mot honom. Rapp høgg til Grim straks med øksi. Helge ser de og høgg til Rapp yvi handi, so ho gjekk av, og øksi datt ned.
       Rapp mælte: "Der gjorde du eit fagnaverk; for denne handi hev gjevi mang ein mann mein og bane."
       "No skal de verte ende paa de," segjer Grim, og lagde spjote igjenom han. Rapp seig daa daud ned. Tjørve snur seg mot Kaare og skyt eit spjot imot han. Kaare sprang i vere, so spjote fór under føtane paa han. So renn han imot Tjørve og høgg til han med sverde, og raaka han i brjoste og gav han hol-saar der, som straks vart hans bane. Skarphedin greip Gunnar Lambeson og Grane Gunnarsson, baae i senn, og mælte:
       "Her hev eg teki tvo kvelpar; kva skal eg gjera med deim?"
       "Du eig raad med aa drepa deim baae," segjer Helge, "um du vil de skal verte feigdi deira."
       "Ikkje nenner eg," segjer Skarphedin, "aa hava de saman - hjelpe Hogne! [1] og drepa bror hans."
       "De kjem ein gong," segjer Helge, "at du helst ser du hadde drepi deim; for dei vert deg aldri tru, korkje dei eller nokon av deim som her er."
       "Ikkje øgjest eg for deim," segjer Skarphedin.
       Sidan fekk dei grid, Grane Gunnarsson og Gunnar Lambeson og Lambe Sigurdsson og Lodin. Etter de snudde dei heim, og Njaal spurde deim um nytt. Dei fortalde han alt grant og greidt.
       Njaal mælte:
       "Ei stor tidend er dette; og de er likjende til at dette dreg dauden etter seg aat ein av sønine mine, um de ikkje vert meir av de."
[1] Bogne var bror hans Grane, men ulik honom og god ven med Skarphedin.
 
[Ordforklaringar:]
Spengar, av spong: plate av metall, belte av is, og slik
Gjølegaave: smeikjegaave, lokkegaave
Løynt: i løyndom
Lita-klæde: farga klæde
Blika: lyse kvitt
Snu leidi: forandre retning
Yvimum:yvitak: her er dei i røyndi under i tal
Bard: kant
Hol-saar: saar som gjeng inn til innvolen
Øgjast: røddast
Likjende til: likt til, truleg
 

Frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad