Prøva av "Njaala"

(Omsetjing, 1896)

Omsett av Olav Aasmundstad  

 
Det hende seg paa Lidarende, at sau-gjætaren og tenestegjenta jaga fè ved haugen hans Gunnar. Dei tyktest at Gunnar var glad og song inni haugen. Dei fòr heim og sa det til Rannveig, Gunnars mor, men ho bad dei fara aat Bergtorskvaal og segja Njaal det. Dei gjorde so, og han let dei segja seg det tri gonger. Etter det tala han lenge i still med Skarphedin. Skarphedin tok øksi si og var med dei aat Lidarende. Hogne og Rannveig tok overlag vel imot honom og var mykje fegne at han kom. Rannveig bad han vera der lenge, og han lova det. Han og Hogne fylgdest stendig baade ute og inne. Hogne var ein gjæv mann, rask og uforfærd, men ikkje snartruen, og difor torde dei ikkje segja honom fyreburden.
 
Ein kveld var Skarphedin og Hogne sunnanfor haugen hans Gunnar. Det var klaart maaneskin, men sume tider drog det attfor. Det syntest dei som haugen var open, og at Gunnar hadde snutt seg i haugen og saag imot maanen. Dei tyktest sjaa fire ljos som brann, og det fall ikkje skugge inni der. Dei saag han var glad, so gleda bragla i anlitet hans, og han song ei visa, og so høgt, at dei høyrde det vel, endaa dei stod langt unda:
 

 

Daamlydt or dulde heimar
dygglege ord eg mæler;
mannleg han beitte bjartan
byrtingen, far din, Hogne.  

 

Aldri for uvener veik eg,
det eggjar um val braga;
hjelm-prydd kjempa seg kjoser
helder døya en vika,
helder døya en vika.
Sidan lukte haugen seg att. "Hadde du vilja trutt dette," segjer Skarphedin, "um andre hadde sagt deg det?" - "Eg hadde vilja trutt det," segjer Hogne, "um Njaal hadde sagt det; for det er sagt, at han lyg aldri." - "Det er mykje i ein slik fyreburd," sa Skarphedin, "naar han sjølv vilde visa os, at han helder vilde døy en vika for uvenom, so var det ei raad dei vilde læra os." - "Ingen veg kjem eg," segjer Hogne, "um ikkje du vil hjelpa meg." - "No skal eg minnast," segjer Skarphedin, "korleis Gunnar tedde seg etter draapet paa Sigmund, frænden dykkar; eg skal gjeva den hjelpi eg kan. Det lova far min Gunnar, naar det galdt deg og mor hans." Sidan gjekk dei heim aat Lidarende.   
 
Skarphedin mælte: "No skal me ganga straks i natt; for spør dei, at eg er her, so er dei varare um seg". - "Eg vil gjera etter dine raad," segjer Hogne. Daa dei andre var gjengne til sengs, tok dei vaapni sine. Hogne tek ned atgeiren, og det syng høgt i den. Rannveig spratt upp i stor ødd og mælte: "Kven tek ned atgeiren, naar eg hev sagt, at ingen skal røra den?" - "Eg meinte," segjer  Hogne, "aa føra honom aat far min til aa hava med til Valhall og bera fram paa vaapentinget." - "Fyrst fær no du bera honom," segjer ho, "og hemna far din; for atgeiren song um daude aat ein elder fleire." Sidan gjekk Hogne ut og fortalde Skarphedin dei ordi som fall millom honom og bestemor hans. Dei fór no til Odda. Det flaug tvo korpar med dei heile vegen.
   

Frå Syn og Segn. Det Norske Samlaget. 1896. Side 205-206. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad