Høyringsfråsegn om NRK-plakaten

Høyringsfråsegn om NRK-plakaten

Styret i Nynorsk kultursentrum har drøfta høyringsnotatet i møte 14.8.2014. (Høyringsfråsegn 20.8.2014)

Vi argumenterer i denne høyringsfråsegna for desse konklusjonane:

• Lyttarane og sjåarane får meir språkleg mangfald frå denne institusjonen enn nær sagt nokon annan allmennkringkastar i verda er i stand til å gi, og mykje meir enn frå private mediekonsern

• NRK-plakaten bør førast vidare om lag som i dag og på same detaljnivå, men at den bør utvidast språkpolitisk

• Dei formelle språkkrava til NRK bør vere så høge at det skal noko til å nå dei, i møtet mellom ytringsfridom, mangfald og kvalitet

• NRK bør framleis ha eit breitt mandat som allmennkringkastar og vere til stades med stor tyngd på alle medieplattformer. Difor bør NRK-plakaten også ha språkkrav til digitale tenester

Ut frå dette gjer vi framlegg om to tillegg til NRK-plakaten.

Les heile høyringsfråsegna her.