Høyringsfråsegn om Norsk kulturråd

Høyringsfråsegn om Norsk kulturråd

Styret i Nynorsk kultursentrum har i møte 14.8.2014 drøfta høyringsnotatet og legg fram synspunkta sine nedanfor.
(Høyringsfråsegn 15.8.2014)

I innspelsdokumentet til utvalet la Nynorsk kultursentrum vekt på desse hovudpunkta etter drøfting i styret 25. februar 2014:

1. Norsk kulturråd må praktisere prinsippet nynorsk

2. Norsk kulturråd må bli endå meir sjølvstendig og delast i to

3. Norsk kulturpolitikk treng eit svært kompetent kulturråd

4. Alle kulturinstitusjonar må kunne få midlar frå Norsk kulturråd

Desse fire konklusjonane står ved lag frå side, og vi utdjupar tre av dei nedanfor. For omtalen av det første punktet viser vi til brev til utvalet 15.3.2014 og fleire tidlegare høyringsfråsegner.

Vi har sakna røysta frå Norsk kulturråd i mange kulturpolitiske ordskifte dei seinare åra. Det er viktig at Norsk kulturråd ikkje blir avgrensa i retning av å vere eit ordinært statleg forvaltningsorgan. Difor er det positivt at Hamnen-utvalet så tydeleg går inn for eit sterk kulturråd.

Synspunkta våre er konsentrerte om nokre få hovudpunkt i kvart av kapitla 3–7 i innstillinga. Til slutt peikar vi på behovet for lengre høyringsfristar.

Les heile høyringsfråsegna her.