Høyringsfråsegn om bokavtalen

Nynorsk kultursentrum har levert høyringsfråsegn om bokavtalen. (17.3.2005)

HØYRINGSFRÅSEGN

FORSLAG TIL FORSKRIFT ETTER KONKURRANSE­LOV OM UNNTAK FRA KONKURRANSELOVEN FOR BOKOMSETNING - BOKAVTALEN


Nynorsk kultursentrum sende denne høyringsfråsegna til Kultur- og kyrkjedepartementet og Moderniseringsdepartementet den 17.03.2005:

Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting med hovudføremål å arbeide for nynorsk skriftkultur, i gjensidig samarbeid med
Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Stiftinga eig og driv

  • Ivar Aasen-tunet, eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur,
  • Dei Nynorske Festspela, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen, og
  • www.aasentunet.no, den sentrale nettstaden for påliteleg og oppdatert digital informasjon om nynorsk skriftkultur.

20 stiftarar står bak stiftinga Nynorsk kultursentrum, som arbeider for tre mål:

1. Gjere det lettare å vere nynorskbrukar.  

2. Styrkje den kulturelle eigenidentiteten til nynorskbrukarane.

3. Skape større allmenn forståing for nynorsk skriftkultur.


Vi takkar for invitasjonen om å kome med høyringsfråsegn til spørsmålet om ein ny bokavtale.

Utgangspunktet vårt er det som regjeringa Bondevik la fram i St.meld. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 og det Stortinget sa i si handsaming av denne saka i april 2004. Etter som Stortinget slutta seg til hovudpunkta i kulturmeldinga, er det offisiell norsk politikk at nynorsk skriftkultur skal styrkjast systematisk i åra fram til 2013. Regjeringa har også fått støtte for sitt syn i kulturmeldinga om at gjennom eit breitt spekter av tiltak skal det leggjast til rette for å styrkja nynorsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt, og dette vil òg omfatta tiltaka som i visse samanhengar prinsipielt favoriserer nynorsk.


Dette bør vere ein grunnleggjande premiss også i det vidare arbeidet med bokavtalen. Vi uroar oss over dei tendensane vi ser i materialet som ligg føre. Vi rekna med at dei rammene som AAD og KKD sette i brev av 13. september 2004 framleis skulle gjelde, men vi kan ikkje sjå at MOD følgjer desse på to springande punkt.


Det eine punktet gjeld konsekvensane av ei liberalisering. Det er mogleg vi har oversett noko, då vi ikkje har hatt høve til å gå inn i absolutt alle dokument som ligg føre frå alle partar i denne saka, men i høyringsdokumentet saknar vi både ein i det minste summarisk analyse av dei konsekvensane som endringar kan få, og ei drøfting av tiltak som kan bli naudsynte for at ei liberalisering av rammevilkåra i bokbransjen ikkje skal få utilsikta verknader. Nynorsk kultursentrum ser det som uheldig at desse viktige momenta ikkje er komne på plass.


Det andre punktet gjeld det faktum at bokavtalen har ei klar språkpolitisk side. I det nemnde brevet frå 13. september 2004 viste AAD og KKD til prinsippet om språkleg jamstelling og kva dette inneber for utgiving av læremiddel. For oss gir det ikkje meining å setje i verk ei endring av tidlegare avtalevilkår før MOD og regjeringa faktisk har drøfta, ikkje om, men kva  tiltak som trengst for at føresegnene i § 9-4 i opplærings­lova framleis skal kunne gjelde. Det er særs alvorleg viss ein no set i verk tiltak som skiplar det hevdvunne prinsippet om at læremiddel skal liggje føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.


Nettopp i spørsmålet om bøker på nynorsk er det ingen tvil om at bokbransjen, både forlag og bokhandlarar, har mykje å svare for. Vi hadde nok helst sett at alle som i desse dagar talar og skriv varmt for bøker på nynorsk, lever etter si eiga lære. Ideologiske og empirisk laust funderte fordommar om kva den eine faktoren målform kan ha å seie for boksalet i høve til alle dei andre faktorane som påverkar dette salet, er ei vesentleg årsak til at det krev mykje å halde prinsippet om ein språkdelt norsk kultur.


Dét er likevel ikkje noko argument for at regjeringa Bondevik no skal leggje vekk sine eigne og godt formulerte kulturpolitiske strategiar i saka om ein ny bokavtale. I vårt perspektiv er det viktigare å finne løysingar som faktisk svarar til desse strategiane enn å haste fram ein ny bokavtale.

 

Med vennleg helsing

Nynorsk kultursentrum

 

Ottar Grepstad

direktør