Høyringsfråsegn om evaluering av Den kulturelle skulesekken

Hovdebygda, 1. februar 2007

Til Kultur- og kyrkjedepartementet
 
Vi takkar for invitasjonen om å kome med høyringsfråsegn til evalueringa av Den kulturelle skulesekken (DKS).
            Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting med hovudføremål å arbeide for nynorsk skriftkultur, i gjensidig samarbeid med Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. 20 institusjonar, organisasjonar og verksemder er med i stiftinga, som eig og driv
  • Ivar Aasen-tunet, eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur,
  • Dei Nynorske Festspela, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen, 
  • www.aasentunet.no, den sentrale nettstaden for påliteleg og oppdatert digital informasjon om nynorsk skriftkultur, og
  • www.tunkatten.no, ein nettstad med aktivitetar for barn 612 år.

Vi arbeider for tre mål:

  1. Gjere det lettare å vere nynorskbrukar
  2. Styrkje den kulturelle eigenidentiteten til nynorskbrukarane
  3. Skape større allmenn forståing for nynorsk skriftkultur

Dette er grunnlaget for vurderingane våre av evalueringsrapporten og DKS.

Samandrag
På grunnlag av sentrale politiske premissar frå regjeringa Stoltenberg og eit breitt fleirtal i Stortinget tek vi i denne høyringsfråsegna til orde for at det blir sett av midlar til pilotprosjekt for utvikling av kunst- og kulturtilbod retta spesielt mot barn med nynorsk som hovudmål, som kan styrkje den språklege sjølvkjensla deira. I neste omgang bør slike nynorskbaserte tilbod også utviklast for barn med nynorsk som sidemål.
           Vi argumenterer for at grunnleggjande spørsmål som administrasjon, fordeling sentralt/lokalt, og finansiering av elevtransport blir vurderte på ny.
            Vår vurdering er at DKS er eit betre prosjekt enn evalueringsrapporten, som ikkje tilfredsstiller dei forventningane vi hadde til denne evalueringa. 
 

Form og perspektiv i evalueringsrapporten
Det kjem alltid noko godt ut av evalueringar. Anten evalueringa er grundig og originalt gjennomtenkt eller den er på det heilt jamne, stimulerer den til tenking om kva som er gjort og kva som bør endrast. Evalueringa av DKS er for oss av det siste slaget.
            I form og struktur verkar rapporten uferdig. Vi kan til dømes ikkje finne det komplette mandatet for evalueringa nokon stad, berre eit samandrag (s. 39). Kva avgrensingar som har vore i mandatet, veit vi difor ikkje.
            Omfanget av undersøkinga verkar knapt. Det blir til dømes ikkje opplyst om kor mange kunstnarar og kulturformidlarar dei har snakka med (s. 42). Derimot får vi vite at dei har intervjua 38 elevar (s. 161). Vi kjenner ingen statistisk metode som gjer desse 38 representative for dei 630 000 elevane i grunnskulen. Det inneber også at grunnlaget for konklusjonar er tynt, etter vår meining vår tynt.
            Rapporten er skjemd av ein språkbruk som ser vitskapleg ut og som såleis kan vere med og gi analysen legitimitet, men som ikkje høver i slike samanhengar. Eitt grelt døme: Den kulturelle skolesekken må håndtere det senmoderne paradoks, nemleg refleksivitetens muligheter for enkeltindividet, men også de kunnskapsmessige begrensningene denne refleksiviteten er underlagt (s. 10). Viss ein meiner at kvar enkelt av oss er prisgitt vår eiga tankeevne og dei kunnskapane vi har, er det jo berre å skrive det, men då blir det samstundes tydeleg at utsegna ikkje trengst.
            Elementære kunnskapar om kommunikasjon mellom utøvarar og publikum blir lagt ut som viktige funn, som at på tre av dei fire skulane som er undersøkte, har ein gode erfaringar med dialogiske formidlingsmodellar (s. 11). Slikt treng ein neppe fortelje nokon som er i nærleiken av den norske skulekvardagen.
            Desse døma er nok blant dei verste i rapporten, som sjølvsagt inneheld mykje verdfullt stoff. Døma er likevel uttrykk for at krava til slike rapportar gjerne kan presiserast.
            Ein slik rapport vil vere prega av den forståingshorisonten som kjem til uttrykk i svara og vurderingane frå dei som blir intervjua. Likevel er det utsegner i rapporten som leverandøren må svare for, og som får oss til å stusse. Her peikar vi særleg på s. 100. Der står det at problemstillingane rundt kvalitet og profesjonalitet fortoner seg annerledes fra utkanten enn i sentrale strøk av landet. Det er mogleg å tolke dette positivt, men faren for mistydingar er stor når ein ordlegg seg slik. Møtet mellom aktivitet og kvalitet landet rundt bør forståast på anna vis enn å implisere at dei som bur i den såkalla utkanten ikkje har greie på kva kvalitet er.  
 
Politiske premissar
Med ei vekes mellomrom sommaren 2003 la KKD og UFD fram kvar si stortingsmelding om kunst og kultur i skulen. På nokre viktige punkt oppfattar vi meldinga frå UFD som kulturpolitisk klarare enn den frå KKD. I eit avsnitt om kulturelt mangfald heiter det såleis i meldinga frå UFD at kulturuttrykk og kulturformidling har et viktig identitetsaspekt. Elevenes egen kulturbakgrunn gir hun og han identitet. Derfor er det naturlig at skolen også gjenspeiler den kulturen som er elevenes egen (s. 13). Med tanke på situasjonen for nynorskbrukarane er dette ein svært viktig politisk premiss.
            Dei litt sprikande premissane frå dei to departementa forklarer likevel ikkje at dei som evaluerer, ser ut til å ha eit uavklara forhold til omgrepet norsk. Dei peikar på at hovudproblemet i kunst- og kulturformidlinga i skulen framleis er å nå ut til alle barn, ikkje berre etnisk norske, med verdien av det dei kallar felles referansar m.m. At barn med nynorsk som hovudmål kan vere i ein annan språkleg situasjon enn barn med bokmål, burde her ha vore trekt inn som eit viktig moment, særleg når ein med rette legg vekt på situasjonen for barn og unge frå språklege minoritetar.
            Vi finn det også rimeleg å leggje stor vekt på det regjeringa Bondevik la fram i St.meld. 48 (20022003) Kulturpolitikk fram mot 2014 og det Stortinget sa i si handsaming av denne saka i april 2004. Etter som Stortinget slutta seg til hovudpunkta i kulturmeldinga, er det offisiell norsk politikk at nynorsk skriftkultur skal styrkjast systematisk i åra fram til 2013. Det var også brei semje om at gjennom eit breitt spekter av tiltak skal det leggjast til rette for å styrkja nynorsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt, og at dette i visse samanhengar vil gjelde tiltak som prinsipielt favoriserer nynorsk. Dette bør vere ein grunnleggjande premiss i det vidare arbeidet med Den kulturelle skulesekken, og vi saknar denne grunnforståinga i rapporten.
            Slik vi les Soria Moria-erklæringa og seinare oppfølging frå regjeringa Stoltenberg si side, ligg dei språkpolitiske premissane frå kulturmeldinga fast.
 
Nynorsk i Den kulturelle skulesekken
Den kulturelle skulesekken er det største kulturpolitiske tiltaket som er retta inn mot barn og unge, og det har vore brei semje om å styrkje den språklege og kulturelle sjølvtilliten nettopp hos desse. Skulesekken skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen, byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen og vere med og gjere skulen til ein berar og formidlar av identitet knytt til språk og kulturell arv. Den kulturelle skulesekken skal også spegle elevane sine eigne kulturformer. Språket, både det munnlege og det skriftlege, er ein svært viktig del av kulturen og legg grunnlaget for veldig mange av dei andre utrykksformene som har plass i DKS. Difor uroar vi oss over mangelen på språklege føringar for DKS.
Evalueringsrapporten tek ikkje opp dette i det heile. Sjølv om dette kanskje ikkje var nent i mandatet, er det viktig at ei slik evaluering tek høgd for dei politiske føringane som gjeld. Rapporten legg til grunn at DKS er eit viktig kultur- og skulepolitisk tiltak. Både nasjonalt og regionalt er det delte meiningar om tiltaket skal vere mest prega av kultursida eller av skulesida. Derimot er det brei semje om store delar av midlane skal brukast til lokale tiltak for grunnskuleelevane. Kulturmeldinga frå 2003 strekar dessutan under at skulen er ein av dei viktigaste kulturformidlarane i dag. Den rolla blir ikkje mindre når skulesekken etter kvart rommar om lag 200 mill kr kvart år.
            Blant dei ti suksessmåla som blei sette opp i St.meld. nr. 38 (20022003) er viktige kriterium som kulturelt mangfald, breidde og lokal forankring med. Dette har ikkje ført til noka målretta satsing på tiltak som dekkjer nynorskelevane sine behov. Sjølv om ordninga framleis skal forvaltast og byggjast ut lokalt, hindrar ikkje dette staten i å klargjere suksessmåla for ordninga, og supplere med ei språkpolitisk føring slik at Den kulturelle skulesekken ikkje blir ein kulturell bokmålssekk. Vi viser her til årstale nr. 5 om tilstanden for nynorsk skriftkultur, der vi tok til orde for det vi kallar prinsippet nynorsk, at nynorsk alltid i utgangspunktet høyrer med der norsk språk blir tematisert eller brukt. I dei tilfella der nynorsk likevel ikkje er ein relevant faktor, fører prinsippet nynorsk til at dette må legitimerast aktivt og at  nynorskbrukarane sine behov blir dekte. Det normale blir då at nynorsken blir rekna med.
Det er eit aukande problem og ei sløsing med kulturpolitiske sjansar at denne økonomiske ordninga er fri for språkpolitiske føringar. Utgreiingane Norsk i hundre! (s. 68) og Framtidas norskfag (s. 64) tek til orde for at språkpolitiske føringar vil vere av stor verdi. Vi viser her også til dokumentet Politikk for nynorsk frå Nynorsk Forum 16.9.2006, der eit samla nynorskmiljø tek til orde for at midlar til spesifikke nynorsktiltak bør etablerast og trappast opp slik at 25 % av midlane etter tre år har ein dialektbasert og nynorskprega profil.
Dette er eit radikalt grep. Det er viktig at noko slikt blir sett i verk på eit velfundert grunnlag. Då har det mykje for seg å setje i gang større prøveprosjekt med øyremerkte midlar. Vi er gjerne med i samtalar om kva institusjonar og miljø som kunne utfordrast til dette, saman med dei nynorske fylkeskommunane.  
            Kor viktig dette er, har Nynorsk kultursentrum sett frå eige arbeid.
            Med støtte frå Noreg 2005 utvikla vi i 2004 og 2005 formidlingstilbodet Det undrande språket til bruk innanfor Den kulturelle skulesekken. Dette er eit elevprogram om språk og identitet, og etter fem turnear til fire fylke og 1900 elevar er den eintydige tilbakemeldinga at dette trengst.
            DKS har hatt ein god del forfattarbesøk og litteraturformidling, men den nynorske barnelitteraturen har vore så godt som fråverande. Både for dei 90 000 grunnskuleelevane som har nynorsk som sitt hovudmål, og for dei 540 000 med bokmål som hovudmål, bør det vere sjølvsagt at den nynorske litteraturen får sin plass. I 2007 utviklar vi difor eit formidlingstilbod om ny, nynorsk barnelitteratur i nært samarbeid med DKS i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Tunkatten vår, Lurivar i seg sjølv eit prosjekt utvikla med midlar frå både ABM-utvikling og Norsk kulturråd, skal gjennom dette tilbodet gjeste 3.- og 4.-klassingar og kome med gode boktips.
            Utan slike initiativ ville innslaget av nynorsk i DKS blitt endå tynnare, for etter det vi kjenner til, har ingen fylke, heller ikkje det nasjonale sekretariatet, sjølve sett dette på dagsorden.
 
Kva har midlane gått til?
Rapporten gir uventa lite kunnskap om kva prosjekt DKS faktisk har initiert. Komplette lister er kanskje å be om for mykje, men rapporten manglar eit grundig kapittel om det faktiske programtilbodet til elevane. Fordelingsmodellen blei etter kvart at 80 % skulle gå til lokale tiltak. Resten, 20 %, utgjorde i 2005 32 mill kr. Kva desse pengane har gått til, er ikkje omtalt i rapporten. Også dette saknar vi.
            Vi trur DKS har sikra eit kunst- og kulturtilbod til skuleelevane i ei tid då mange kommunar har redusert satsinga på kultur kraftig. Slike kommunaløkonomiske analysar burde ha vore utførte for å forstå kva rolle DKS spelar, men finst ikkje i evalueringa.
            Det som kan sjå ut til å vere administrative spenningar mellom to departement og mellom ymse andre sentrale instansar, blir i rapporten tolka som substansielle motsetnader mellom kunst og skule (s. 20). Kva som finst av felles målsetjingar mellom kultur- og skuleforvaltninga, blir derimot aldri tematisert eller drøfta. Vi synest nok rapporten overdriv når den på s. 24 omtalar kultur og skule som to atskilte sektorer. Tonen er ein annan berre fem sider seinare, der det på s. 29, i tråd med kulturmeldinga, blir vist til at skulen er ein av dei viktigaste kulturformidlarane vi har.
 
Prosjekt Kulturbuss
Stortinget har føresett at midlane i DKS normalt ikkje skal gå til transportkostnader. Den økonomiske røynda i kommune-Noreg er at det ikkje finst på langt nær dei midlane som trengst til transport frå skule til museum. Då strandar mange gode tilbod; dei blir ikkje levedyktige delar av DKS. Evalueringsrapporten er så vidt borti dette problemet på s. 165. Der blir det nemnt at fylkeskommunane peikar på utfordringar knytte til geografi og infrastruktur. Rapporten forstår av dette at målet om tilgjenge blir oppfatta på ulike måtar, alt etter kva utfordringar ein har. Dette poenget vil vi forsterke. Tanken bak ei avgrensing mot transportkostnader er god, men den verkar mot det som er føremålet med DKS. Difor bør denne delen av DKS endrast.
            Dette heng saman med eit ønske om at skule-Noreg får ta alle kulturinstitusjonane i landet i bruk gjennom DKS. Som etablert kulturinstitusjon har Nynorsk kultursentrum, til liks med museum og kulturinstitusjonar over heile landet, utvikla ei mengd tilbod tilpassa skulen sine behov. Undervisningsopplegg, aktivitetsdagar og læringsmodellar har lenge før DKS vore ein viktig del av det arbeidet vi utfører. Med DKS har mange nye tilbod kome til, til glede for elevane. Vårt inntrykk er at desse kulturinstitusjonane, særleg dei som ligg utanfor storbyane, slit med å få innpass i DKS, ikkje minst fordi institusjonar som museum ikkje utan vidare kan lage turnear av alt. Det er ofte den fysiske bygningen med innhald og samlingar som er grunnlaget for skuletilbodet, og når transportpengane ikkje finst, blir kulturtilbodet i grunnskulen avhengig av sponsorar. Vi har på nært hald sett kor avgjerande eit slikt sponsorsamarbeid er, men det rimar ikkje med dei overordna skulepolitiske måla til regjeringa Stoltenberg.
 

Administrasjon og organisering
Då vi ville setje i gang utviklingsarbeidet for Det undrande språket, møtte i si tid ingen positiv respons frå det sentrale sekretariatet i ABM-utvikling. Dette illustrerer to problem i organiseringa av DKS.
            Det eine er at den strenge fylkesorganiseringa i mange tilfelle hindrar effektiv samordning. Som ein nasjonal kulturinstitusjon vil Nynorsk kultursentrum gjerne vere til nytte for skuleelevar i heile landet. Tilboda våre trengst kanskje særleg i fylke og område utanfor vårt eige fysiske nærmiljø i Ørsta og i Møre og Romsdal. Vi meiner fleire av tilboda i DKS bør forankrast nasjonalt. Som ein kulturell tilbydar innanfor DKS har vi merka korleis den fylkesvise administreringa av midlane gjer det tungvint å krysse fylkesgrenser og selje tilboda våre inn fleire stader, ikkje minst fordi DKS er så ulikt organisert i dei ulike fylka.
            Vi undrar oss også over det inntrykket som blir skapt i rapporten av at så godt som all kontakt går direkte mellom skule og kunstnar. All vår røynsle er stikk motsett. Fleire fylke spelar ei heilt avgjerande rolle i utviklinga av nye prosjekt. Vi vil framheve at vi har fått til eit svært positivt samarbeid med DKS i dei fylka vi til no har prioritert. I det heile undrar vi oss over omtalen av fylka sin funksjon i evalueringsrapporten. Vi deler ikkje dei negative vurderingane, men framhevar at den nasjonale delen av prosjektet bør styrkjast for å sikre at dei overordna måla blir nådde. Her viser vi til det som blir nemnt på s.92 om at mange spør etter konkrete samordningsoppgåver for sekretariatet i høve til nasjonale aktørar. Dette bør gjerast, men det må gjerast slik at det ikkje går ut over fylka.
            Det andre problemet gjeld kunsten å administrere. Den politiske premissen er at midlane skal gå til kunst og opphavsrettsbasert arbeid, ikkje administrasjon. Det forstår vi, men det har negative følgjer. For institusjonar vil det innebere at ein må vurdere om det er føremålstenleg bruk av knappe ressursar å satse på prosjekt for DKS når dei satsane for godtgjersle som blir nytta, føreset stor eigeninnsats. For aktørar utan institusjonell tilknyting må problemet vere endå større. God kunst kjem ikkje av seg sjølv. Kvalitet tek tid. Dette bør DKS i mykje større grad enn no vere viljug til å ta konsekvensen av.
            I forlenginga av dette vil vi framheve ideen om regionale produksjonssenter. På visse premissar er det ein god idé som bør prøvast ut. Det undrar oss nok at dei miljøa som har arbeidd med slike idear i mange år, enno ikkje har fått fram prosjektplanar som er gode nok i kunstnarleg og kulturpolitisk innhald. Frå vår side er støtte til denne ideen avhengig av at minst eitt produksjonssenter blir etablert som har klare språklege føringar for ein vesentleg del av tilboda som skal utviklast. Samstundes er det eit faktum at Noreg alt har mange kulturinstitusjonar, så mange at det kan vere mykje å hente frå eit meir målretta samarbeid med ein del av desse, gjerne på tvers av fylkesgrenser. Dette bør iallfall undersøkjast.
 
 
Med vennleg helsing
Nynorsk kultursentrum
 
 
Ottar Grepstad
direktør