Høyringsfråsegn om framlegg til nasjonal strategi for digitalisering i ABM-sektoren

Hovdebygda, 1. februar 2007

Til ABM-Utvikling
 
Vi takkar for invitasjonen om å kome med høyringsfråsegn til forslaget til ein nasjonal strategi for arbeid med digitalisering i abm-sektoren, presentert i ABM-skrift nr. 32 Kulturarven til alle digitalisering i abm-sektoren.
            Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting med hovudføremål å arbeide for nynorsk skriftkultur, i gjensidig samarbeid med Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. 20 institusjonar, organisasjonar og verksemder er med i stiftinga, som eig og driv
  • Ivar Aasen-tunet, eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur,
  • Dei Nynorske Festspela, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen, 
  • www.aasentunet.no, nettstaden for påliteleg og oppdatert digital informasjon om nynorsk skriftkultur, og
  • www.tunkatten.no, ein nettstad med aktivitetar for barn 612 år.
Vi arbeider for tre mål: 
  1. Gjere det lettare å vere nynorskbrukar. 
  2. Styrkje den kulturelle eigenidentiteten til nynorskbrukarane.
  3. Skape større allmenn forståing for nynorsk skriftkultur.
Politiske premissar
Det eine utgangspunktet vårt er St.meld. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014, lagt fram av regjeringa Bondevik, og det Stortinget sa i si handsaming av denne saka i april 2004. Etter at Stortinget slutta seg til hovudpunkta i kulturmeldinga, er det offisiell norsk politikk at nynorsk skriftkultur skal styrkjast systematisk i åra fram til 2013. Det var også brei semje i Stortinget om at styresmaktene gjennom eit breitt spekter av tiltak skal leggje til rette for å styrkje nynorsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt, og at dette vil femne om tiltak som i visse samanhengar prinsipielt favoriserer nynorsk.
            Det andre utgangspunktet er Soria Moria-erklæringa, der dei tre regjeringspartia bak regjeringa Stoltenberg seier: Skriftkulturen er bærebjelken i norsk samfunns- og kulturliv. Regjeringen vil peke på det verdifulle mangfoldet som ligger i det å ha to norske skriftkulturer. Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligere vilkår. Det er derfor særlig viktig å sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter.
 
Eigne røynsler
Vi helsar velkomne alle tiltak som vil auke tilgangen av digitalisert materiale. For oss har dette vore prioritert frå dag 1; nettstaden www.aasentunet.no blei opna to månader før Ivar Aasen-tunet i 2000. Mange abm-institusjonar, først og fremst museum, har diverre arbeidd for lite på feltet. Vi deler vurderinga i Kulturarven for alle om at haldningar hos tilsette i mange institusjonar kan vere ein av grunnane til at digitalisering har vore så lågt prioritert. I Småskrift frå Ivar Aasen-tunet nr. 3 (2004) er det blant anna ein presentasjon av over 200 viktige nynorske nettstader. Utanom vår eigen institusjon kom ikkje eitt museum med på den lista.
            Auka økonomisk tilskot vil vere med og motivere til satsing på feltet. Vi trur også at det bør gjennomførast haldningsskapande arbeid, ikkje berre ved å få digitalisering inn som del av dei relevante utdanningane, men også gjennom prosjektrelevante kurs og seminar for tilsette i abm-institusjonar. Ei auka satsing på Internett som formidlingsmedium vil også føre til at fleire museumsnettstader blir meir brukte.
            Potensialet kan visast med røynslene frå vår eiga drift. ABM-statistikken 2005 viser at vi, sjølv om Ivar Aasen-tunet ikkje er med på lista over dei hundre musea med flest gjester, hadde over 4 % av alt nettbesøk ved norske museum. Alt i 1998 la ei brukargruppe til grunn at det ville vere eit rimeleg mål å ha ti gonger fleire gjester på nettstaden enn i Ivar Aasen-tunet. Det høyrdest mykje ut den gongen. I 2006 hadde vi 17 000 vanlege gjester og 605 000 unike nettstadbrukarar, altså 35 gonger fleire gjester på nettstaden.
            Der har vi til no publisert over 3500 dokument, og planane er klare for kraftige utvidingar dei to neste åra. Blant anna kjem vi til å publisere in extenso alle nummer og årgangar av den viktige nynorskavisa Fedraheimen, etablert av Arne Garborg i 1877 og utgitt fram til 1891. Tekstmengda er på 24 mill teikn.
            Denne typen digitalisering inneber at dokumentasjon og formidling går over i kvarandre av di det dokumenterte blir tilgjengeleg for alle. Vi har lagt stor vekt på slik digital dokumentasjon, og har brukt lite ressursar på å lage spesifikke nettutstillingar, som for vår del har vore ein lite effektiv bruk av knappe midlar til no. Di større stoffmengda på nettstaden vår blir, di viktigare blir det å leggje stoffet til rette. Då kan også nettutstillingar vere ei relevant formidlingsform.
 
Frå politiske premissar til praktisk handling
I lys av det som er gjeldande norsk politikk undrar det oss at dei planane for digitalisering som er lagde fram i rapporten, ikkje tek omsyn til det Stortinget har fastsett og som regjeringa Stoltenberg følgjer opp. Forvaltninga har som kjent til oppgåve å setje ut i livet dei måla og prioriteringane som er politisk fastsette. I lista over kriterium for utval av materiale som skal digitaliserast, er likevel ikkje målform nemnt i det heile. Dette er ikkje tilfredsstillande.
            Vi bed difor om at prioriteringa blir supplert på dette punktet, og at det blir utført eit tilleggsarbeid med å finne fram til det materialet som det no er viktigast å digitalisere. Vi viser her til St.prp. nr. 25 (2006-2007) Om endring i bevilgninger under Kultur- og kirkedepartementets budsjett for 2006, der det heiter:
Nynorsk-midler
I St.prp. nr. 1 (2005-2006) ble det under kap. 326, post 78 Ymse faste tiltak foreslått en bevilgning på 1,5 mill. kroner til et nynorsk digitalt leksikon. Det vises videre til merknad fra Familie- og kulturkomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 2 (2005-2006) om ovennevnte. Midlene blir i 2006 disponert til å styrke produksjon av nye artikler om nynorsk kulturhistorie på Internett. Kultur- og kirkedepartementet vil følge opp saken videre, jf. forslag under kap. 326, post 78 i vedlegg 2 til St.prp. nr. 1 (2006-2007)om å videreføre bevilgningen på samme nivå som i 2006.
Stortinget slutta seg til dette 19.12.2006. Saman med Det Norske Samlaget legg vi medio februar 2007 fram for KKD ein komplett prosjektplan for dette arbeidet. Dette unike prosjektet aktualiserer behovet for ein spesifikk digitaliseringsplan for eldre stoff om nynorsk kulturhistorie. Det vil auke bruksverdien for publikum og nytteverdien av løyvinga frå Stortinget.
            Også for programvare må det koplast frå politiske premissar til praktisk handling. Det er bra at det blir satsa på nasjonale fellesverktøy, men det er urovekkjande at også dei programma som er utvikla her til lands berre finst på bokmål. WinRegimus fanst på nynorsk, men når det no blir avløyst av Primus, får ikkje lenger nynorskbrukande museum registrere samlingane sine på si eiga målform. Det same gjeld på arkivfeltet, der programmet Asta, etter det vi kjenner til, berre finst på bokmål. Dersom det blir lagt opp til at desse programma skal brukast av alle arkiv og museum, må det utviklast nynorske versjonar av dei. Vi ser ingen grunn til at det ikkje kan gjerast alt i 2007.
            For få dagar sidan blei det kjent at Stiftelsen Asta har fått 1,4 mill kr frå ABM-utvikling til å sluttføre arbeidet sitt i 2007, blir det ekstra viktig at den språklege versjoneringa blir gjennomført samstundes. Vi vonar ABM-utvikling her har kome oss i forkjøpet og alt stilt dette kravet.  
 
Institusjonar og prioriteringar
Rapporten Kulturarven til alle strekar under at der trengst til dels store investeringar, både på utstyrssida og personalsida, for å få alt digitalisert som digitaliserast bør. Vi merkar oss framlegget om regionale kompetansesenter eller ansvarsmiljø (s. 53). Dette kan vere ein god strategi, men den blir truleg mest vellykka ved at ulike miljø og institusjonar får tilført midlar, ikkje berre slike senter. Elles er risikoen stor for at mange mindre museum ikkje engasjerer seg nok i den auka satsinga på digitalisering. Konsekvensen av det er størst for publikum ved at mykje interessant materiale ikkje blir tilgjengeleg. Viss dette er ein strategi som blir realisert, meiner vi at mykje ligg godt til rette for at Nynorsk kultursentrum får ein slik kompetansefunksjon.
            Ovanfor har vi peikt på eit overordna krav til prioritering, der prinsippet nynorsk må handhevast. Ut over dette vil vi særleg peike på desse punkta som viktige:
            Brukarbehov.  Brukarane må stå i sentrum. Det er ikkje gjort i ei handvende å kartleggje alle brukarbehov, men læreplanane for skuleverket viser kva behov skuleelevar har, og det som er til nytte for dei, er til nytte for svært mange andre også.
            Nasjonal interesse.  I alle fall dei største og mest omfattande prosjekta må ha nasjonal interesse, eller vere til nytte for brukarar over heile landet.
            Auka tilgang til analogt materiale. Materiale som er tilgjengeleg via Internett, er raskare tilgjengeleg enn materiale som må lånast inn frå bibliotek eller andre institusjonar. Dette gjeld både arkivmateriale, aviser og litterære tekstar. Materiale som finst i få versjonar, og som difor no er vanskeleg tilgjengeleg, vil i digitalisert versjon bli tilgjengeleg for mange brukarar samstundes.
            Skåna originalar. I Ivar Aasen-tunet har vi heile 2200 årgangar av blad og avsier. Papirkvaliteten er ulik, og mange av dei innbundne årgangane er i såpass dårleg stand at det er vanskeleg å handsame dei utan å gjere skade. Blir desse skriftene digitaliserte, kan brukarar finne tekstane på Internett, medan dei fysiske årgangane går over frå å vere ei kjelde til å bli ein gjenstand.
 
 
Med vennleg helsing
Nynorsk kultursentrum
 
 
Ottar Grepstad
direktør