Høyringsfråsegn om skulemeldinga

"Stortingsmeldinga ""Kultur for læring"" innheld m.a. framlegg til endringar i sidemålsundervisninga. Nynorsk kultursentrum har levert høyrings-fråsegn med hovudvekt på dette temaet. (30.4.2004)"

Hovdebygda, 30. april 2004


Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Stortinget
0026 OSLO

I denne stortingsmeldinga tek regjeringa opp mange spørsmål om nynorsk i opplæringa som Nynorsk kultursentrum har arbeidd med i mange år, seinast gjennom direkte kontakt med politisk leiing i Utdannings- og forskingsdepartementet dei siste månadene. I midten av februar sende vi notatet Nynorsk i opplæringa: kunnskap, kultur og kvalitet blant anna til alle medlemmene i komiteen. Den 2. april sende vi også ei utførleg pressemelding til alle komitémedlemmene med våre første merknader til stortingsmeldinga.

Både rådet vårt, der alle dei tjue stiftarane er representerte, og styret har no drøfta innhaldet i stortingsmeldinga. På grunnlag av desse drøftingane legg vi fram våre synspunkt og merknadsframlegg til komiteen. Vi har valt å dele dei inn i ni små underkapittel.

1. Generelle merknader om grunnleggjande prinsipp
Regjeringa Bondevik har i St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 gitt ein grundig og godt oppdatert situasjonsanalyse for nynorsk skriftkultur. Det er diverre få spor etter denne i St.meld. nr. 30 (2003-2004) Kultur for læring. Her avgrensar ein seg på s. 42f til ei saksframstilling som stort sett er problemorientert og negativ, og ein prøver ikkje å kople saman eller utvikle ein dynamikk mellom kultur- og skulepolitikk anna enn generelt å slå fast at norsk er eit kultur- og danningsfag. Departementet peikar med rette på dei negative haldningane til nynorsk som sidemål blant mange av dagens lærarar og foreldre. Men der er også miljø som lykkast med sidemålsundervisninga og som har eintydig positive røynsler.

Nynorsk kultursentrum erkjenner at nynorsk i opplæringa ikkje kan bli verande eit årleg tema for opprivande diskusjonar. Dette landet med sin språkdelte kultur treng ei solid fleirtalsløysing som kan bli ståande i lang tid. Vi meiner ein framtidsretta politikk for nynorsk i opplæringa må gå ut frå dei kulturpolitiske perspektiva som regjeringa skisserer på s. 193f i kulturmeldinga. I handsaminga av kulturmeldinga 1. april 2004 slutta Stortinget seg til denne sektorovergripande språkpolitiske strategien. Skal ein lykkast med ei styrking av nynorsk i opplæringa, må denne satsinga vere ein del av ei slik sektorovergripande styrking. Viss den viktige skulesektoren fell utanfor, blir det lite att av det sektorovergripande.

Målet for ein samla norsk språkpolitikk er at både nynorsk og bokmål skal bli verande fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet. Kva rolle nynorsk skal ha i skulen, dreiar seg difor om både kultur- og skulepolitiske prinsipp, og kan ikkje forenklast til eit pedagogisk spørsmål.

Mange elevar som i det daglege held til utanfor dei geografiske områda eller samfunnssegmenta der nynorsk er ein integrert del av kvardagen, veit rett og slett lite om at det finst eit slikt "nynorskland" og kva det nynorske blikket fangar inn. I staden blir nynorsk for mange av desse ofte noko som finst i lærebøker, på fjernsynsskjermen eller på baksida av ein del offentlege skjema. Kunnskap om nynorskbruk må difor vere ein del av den konteksten elevar skal lære nynorsk innanfor. Dette krev informasjonstiltak om den norske språksituasjonen som peikar ut over den aktuelle stortingsmeldinga, men som innhaldet i skulepolitikken heller ikkje kan isolerast frå.

Vi set stor pris på at regjeringa vil føre vidare prinsippa om at sidemålet skal vere skriftleg og obligatorisk. Det er viktig at Stortinget sluttar seg til desse prinsippa. Det var såleis positivt at det store fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst. S. nr .6 (2003-2004) om valfritt sidemål bad regjeringa sjå til at "dei språkpolitiske målsetjingane om jamstilling mellom dei to målformene våre vert ivaretekne i utdanningssystemet".

Seinast under handsaminga av kulturmeldinga var det brei politisk semje i Stortinget om at den språklege jamstellingspolitikken ligg fast. Utdannings- og forskingsministeren presiserte også dette då Kultur for læring blei lagd fram. Men då må ein ikkje setje i verk tiltak som meir eller mindre openbert set denne jamstellinga i fare. Handsaminga av Kultur for læring må ikkje føre til strukturelle endringar av den språkpolitiske dagsordenen eller de facto-endringar i den språklege jamstellingspolitikken som Stortinget for få veker sidan på ny stadfesta. Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen har i Innst. S. nr. 155 (20032004) til dømes peikt på at regjeringa må avklare tydelegare korleis verkeområdet for mållova av 1980 skal utvidast. Dette er det lite hjelp i viss ein gjennom skulepolitiske reformer over tid fjernar grunnlaget for den same lova.

Framlegg til komitémerknad
Komiteen viser til at målet for ein samla norsk språkpolitikk er at både nynorsk og bokmål skal bli verande fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet, og at denne meldinga fører vidare denne politikken. Komiteen føreset at den språklege jamstellingspolitikken mellom nynorsk og bokmål ligg fast, og legg til grunn at det ikkje skal gjennomførast tiltak som inneber ei strukturell endring av den språkpolitiske dagsordenen. Kva rolle nynorsk skal ha i skulen, dreiar seg difor om både kultur- og skulepolitiske prinsipp, og kan ikkje forenklast til eit pedagogisk spørsmål. Komiteen er samd med regjeringa i at det er nødvendig å styrkje nynorsk i opplæringa, og legg vekt på at dette vil vere ein viktig del av dei sektorovergripande tiltaka som trengst. Komiteen sluttar seg til prinsippa om at sidemålsundervisninga skal vere skriftleg og obligatorisk i både grunnskulen og vidaregåande opplæring, og legg vekt på at tiltak blir gjennomførte som stør opp under dette i praksis.

2. Eksamen i grunnskulen
I den skulepolitiske kvardagen er læreplanane, læremidla og vurderingsformene dei tre reelle styringsmiddel for innhaldet i undervisninga og kva status ulike fag har. Læreplanane skal med denne stortingsmeldinga få meir lokal utforming i praksis, og læremidla er skuleeigarane sitt ansvar. Då står vi att med som vurderingsformene som det einaste reelle sentrale styringsmidlet.

Med denne stortingsmeldinga fornyar regjeringa vurderingsformene og gjer grunnopplæringa mindre eksamensstyrt. Generelt har vurderingsformene mykje å seie for den statusen eit fag har. For fag som ikkje er omstridde, til dømes matematikk, kan nok eksamen fjernast utan at statusen til desse faga blir svekt. For nynorsk som eit mindre brukt språk og som eit språk og fag det er sterkt delte meiningar om, kan derimot store endringar her føre til uheldige statusendringar over tid.

Nynorsk kultursentrum meiner at hovudmål og sidemål må handsamast likt i eksamensordningane og vurderingsformene. Det bør difor vere eksamen i sidemål i grunnskulen så lenge det er eksamen i andre fag på dette nivået. Eit eventuelt vedtak om å fjerne sidemålseksamen i grunnskulen må heller ikkje gjennomførast før eksamen blir fjerna også i andre fag.

Departementet vil i stortingsmeldinga stimulere til "bredt anlagt systematisk forskning" og  systematisk utviklingsarbeid. Det er positivt. Diverre har samtlege norske forskingsmiljø i svært lang tid forsømt seg når det gjeld forsking om nynorsk i opplæringa, både som hovudmål eller som sidemål. På kort sikt trengst det i det minste meir systematisk evaluering og erfaringsutveksling før ein set i verk planlagde endringar.

Vi har merka oss at planane i meldinga skal gjennomførast frå 2006 og at departementet ikkje ønskjer å forhaste seg. Vi registrerer at regjeringa vil styrkje undervisninga i nynorsk som sidemål. Det må skje same kva vurderingsformer som blir brukte. Men denne undervisninga må ha eit grunnlag å styrkje seg på før eksamen eventuelt blir fjerna. Skal ein få til noko som kunne likne på systematisk erfaringsutveksling og reelle evalueringar, må det difor gå nokre år, slik at sidemålsundervisninga er styrkt før eksamen går ut.

Framlegg til komitémerknad
Komiteen meiner at hovudmål og sidemål må handsamast likt i eksamensordningane og vurderingsformene. Det må difor vere eksamen i sidemål i grunnskulen så lenge det er eksamen i andre fag på dette nivået.

Subsidiært viss det er fleirtal for å fjerne eksamen i grunnskulen
Komiteen meiner at eit vedtak om å fjerne sidemålseksamen i grunnskulen ikkje må gjennomførast før eksamen blir fjerna også i andre fag. Det er nødvendig å sikre grunnlaget for ei betre sidemålsundervisning før eksamensordningane blir endra. Difor bør fjerning av eksamen i sidemål i grunnskulen ikkje setjast i verk før skuleåret 2008/2009.

3. Nasjonale prøver også i sidemålsferdigheiter
På dette punktet er stortingsmeldinga i beste fall uklar. I samband med at meldinga blei lagd fram, sa statsråden at vurderingsformene er svært viktige. Då må ikkje sidemålsferdigheitene falle utanfor dei nasjonale prøvene. Når skulen jamt blir endra i retning av meir kontinuerleg vurdering og individuell oppfølging, må ikkje sidemålsferdigheitene setjast på sidelinja. Det kunne elles gå ut over den reelle praksis for prinsippa om skriftleg og obligatorisk undervisning. Utan slike prøver kan også den berande tanken smuldre bort at ein bør utvikle skriveferdigheiter i begge målformer på tvers av faggrenser.

Nynorsk kultursentrum føreset difor at nasjonale prøver skal gjelde ferdigheiter i sidemål på linje med hovudmål. Det bør gjennomførast ulike nasjonale prøver i lesing og/eller skriving på ulike årssteg. Dette bør vere leseprøver i både bokmål og nynorsk på 4. og 7. årssteget, og prøver i både lesing og skriving i hovudmål og sidemål på 10. og 11. årssteget.

Vi er kjende med at arbeidet med å utforme malar for dei mange læreplanane som skal skrivast, alt er i gang. Vi ser det difor som nødvendig at Stortinget presiserer korleis ferdigheitene i hovudmål og sidemål skal prøvast før dette arbeidet har kome for langt. 

Framlegg til komitémerknad
Komiteen føreset at nasjonale prøver i norsk skal gjelde ferdigheiter i sidemål på linje med hovudmål. Det bør gjennomførast ulike nasjonale prøver i lesing og/eller skriving på ulike årssteg. Komiteen meiner desse må leggjast opp slik at elevane blir prøvde i lesing i både bokmål og nynorsk på 4. og 7. årssteget, og i så vel lesing som skriving i hovudmål og sidemål på 10. og 11. årssteget. Komiteen legg til grunn at dette blir følgt opp med ei fagleg vurdering i det komande læreplanarbeidet når det gjeld kva slags prøvesituasjonar som høver best på dei ulike årsstega

.

4. Tiltakspakke for nynorsk som hovudmål
Departementet har i stortingsmeldinga stort sett avgrensa saksframstillinga til omtale av nynorsk som sidemål, sett frå bokmålsbrukarane sin ståstad. I samband med at meldinga blei lagd fram, sa derimot statsråden at for framtida til nynorsken var truleg situasjonen for nynorskelevane viktigast. Ho viste der med rette til at det framleis er slik det lenge har vore, at ein god del nynorskelevar går over til bokmål som hovudmål når dei er ein stad mellom 13 og 25 år. Denne utviklinga er alvorleg.

Nynorsk kultursentrum meiner det er heilt nødvendig med ei eiga satsing på hovudmålselevane i nynorsk for om mogleg å minke overgangen frå nynorsk til bokmål. Eit stort fleirtal i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen slutta i Innst. S. nr. 155 (2003-2004) opp om grunntanken i kulturmeldinga om ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur det neste tiåret. Få tiltak vil vere viktigare enn dei som kan få fleire av nynorskelevane til å halde fast ved hovudmålet sitt og gi dei auka språkleg og dermed kulturell sjølvtillit. Det burde bli eit politisk suksesskriterium at satsinga på nynorsk i opplæringa er vellykka i den grad ein greier å få fleire nynorskelevar anno 2004 til å bli verande nynorskbrukarar anno 2014.

Framlegg til komitémerknad
Komiteen viser til at eit breitt fleirtal på Stortinget i handsaminga av kulturmeldinga slutta seg framlegget frå regjeringa om ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur fram mot 2013. Komiteen meiner at eitt av dei viktigaste tiltaka i dette arbeidet vil vere eit målretta arbeid for å få fleire av nynorskelevane til å halde fast ved hovudmålet sitt og at dei er blitt verande nynorskbrukarar også om ti år.

5. IKT og Nynorsk leksikon
I samband med denne stortingsmeldinga har regjeringa sagt at administrative dataprogram som skulane bruker, skal finnast i begge målformer. Det gjeldande unntaket frå opplæringslova skal altså opphevast. Det er gledeleg at ein med dette i praksis sikrar framtida for nynorskversjonar av dei mest brukte dataprogramma, men det står ikkje noko om dette i stortingsmeldinga. Vi bed difor komiteen presisere dette.
Det står i det heile mindre om digitale læringsformer i skulen enn ein kunne ha venta og vona. Få delar av språkpolitikken er meir sektorovergripande enn denne. Sett frå nynorskbrukarane sin synsstad er det eit vonbrot at regjeringa i stortingsmeldinga ikkje følgjer opp det eit stort fleirtal i komiteen streka under i kap. 202 i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2003-2004):

"Flertallet [H, KrF, V, SP, SV, Ap] vil peke på det ansvar staten har for å sikre likeverdige læringsvilkår i en tid der digitale læremiddel stadig blir viktigere og der det satses bevisst på å utvikle lærestoff på Internett. Det er viktig at også nynorskbrukere har tilgang på kvalitetssikrede kunnskapskilder i elektronisk form."


I stortingsmeldinga vil departementet gjere det å bruke digitale verktøy til ei grunnleggjande ferdigheit i skulen på linje med lesing og skriving. Er det noko det er for lite av på Internett, så er det kvalitetssikra innhald på nynorsk.

Vi kan ikkje forstå anna enn at stortingsmeldinga er full av premissar der berre konklusjonen manglar: Set i gang arbeidet med å utvikle eit allment leksikon på nynorsk på Internett. Utan eit slikt leksikon og andre typar kvalitetssikra innhald på Internett blir ikt-strategien i Kultur for læring knapt merkande for nynorskelevane.

Framlegg til komitémerknad
Komiteen vil peike på det ansvaret staten har for å sikre likeverdige læringsvilkår i ei tid der digitale læremiddel blir jamt viktigare og der det blir satsa bevisst på å utvikle lærestoff på Internett. Det er viktig at også nynorskbrukarar har tilgang på kvalitetssikra kunnskapskjelder i elektronisk form. Komiteen bed difor departementet kome tilbake med dei første tiltaka i framlegget i statsbudsjett for 2005 for å sikre at slike innhaldstilbod blir utvikla som ein del av arbeidet med å styrkje nynorsk i opplæringa. Komiteen er samd i at unntaket for administrativ programvare frå kravet om språklege parallellutgåver  i opplæringslova skal opphevast. Dette bør skje frå 1. august 2004.

6. Læremiddel
Nynorsk kultursentrum ser det som svært viktig at nynorsk og bokmål blir integrerte i undervisninga i fleire fag enn norskfaget. Departementet viser i stortingsmeldinga til at forsøk med språkblanda læremiddel i 1990-åra gjorde situasjonen vanskeleg for nokre elevgrupper. Det kan vere, men ordninga blei aldri prøvd ut skikkeleg og over lang nok tid. Nettopp slike fellesspråklege læremiddel er viktige for å få det mindre brukte språket nynorsk inn i fleire fag. Dette blir ekstra viktig viss stortingsfleirtalet sluttar seg til framlegga om eksamensendring i grunnskulen.

Når det skal kome eit framandspråk til i grunnopplæringa, må det følgje framandspråklege ordbøker med som også dekkjer nynorskelevane sitt behov. I tillegg til å sikre tilgangen på læremiddel bør det dei neste ti åra difor også kome i gang arbeid med å utvikle digitale tospråklege ordbøker til og frå nynorsk med grunnlag i prosjektet Norsk Ordbok 2014.

Framlegg til komitémerknad
Komiteen viser til behovet for å integrere bruken av begge målformer i andre fag enn norsk, og bed departementet ta initiativ til å få utvikla fellesspråklege læremiddel i prioriterte fag. Komiteen peikar på at auka satsing på framandspråk i skulen aukar behovet for gode framandspråklege ordbøker også for nynorsk.

7. Kompetansesenter
Departementet gjer framlegg om å etablere eit kompetansesenter for nynorsk i skulen. I meldinga står det at dette skal etablerast "i tilknytning til Ivar Aasen-senteret for nynorsk skriftkultur ved Høgskolen i Volda"; den rette nemninga er "Ivar Aasen-instituttet ved Høgskolen i Volda".

Det er alt oppretta liknande kompetansesenter i andre fag, og røynslene verkar gode. Eit nynorsk kompetansesenter kan ikkje erstatte nokon av dagens ordningar, men må kome i tillegg til desse. Institusjonar løyser i seg sjølv ikkje problem, men utviklinga av nynorsk skriftkultur kan mellom anna lesast som ei lang historie om korleis nye institusjonelle tiltak over tid har hatt positive ringverknader. Eit institusjonelt grep i form av eit kompetansesenter for nynorsk i opplæringa vil vere ei tydeleg melding til heile skuleverket om kor viktig denne delen av skulekvardagen er.

Det er svært viktig at det nynorske kompetansesenteret arbeider med både hovudmål og sidemål, og at det blir stort nok til å ha fagleg og operativ tyngd. Ut frå vår røynsle i arbeidet med å utvikle andre kompetansesenter, seinast Nynorsk mediesenter i NRK, må eit slikt senter har minst tre-fem faglege medarbeidarar og eit langsiktig, stabilt driftsperspektiv.

Senteret må plassere seg i spennet mellom elevar, lærarar og forskarar, og på den måten vere både brukar- og vitskapsretta. Det må drive utoverretta og på best mogleg måte dekkje dei behova som kjem til uttrykk frå skulane. I og med at nynorsk er eit skriftspråk og ein skriftkultur, kan senteret få positive ringverknader og synergieffektar for heile arbeidet med skrift i skulen, på tvers av både språk- og faggrenser. Senteret må drive forskingsbasert så langt råd er, men gjerne slik at det er andre miljø som står for forskinga. Nokre av oppgåvene for senteret kan vere:
· Kartleggje korleis, når og kor mykje det blir undervist i nynorsk
· Stimulere forsking og forskingsbaserte reformer kring nynorsk i opplæringa
· Kartleggje kva utdanningsbehov lærarane sjølve melder frå om at dei har
· Utvikle enkle system for erfaringsutveksling innanfor skuleverket, medrekna kurs og idédugnader
· Utvikle didaktiske og metodiske kurs og rettleiingstenester
· Gi retningslinjer for organisert etter- og vidareutdanning, både nettbasert og gjennom vanlege kurs
· Stimulere undervisningsformer som opnar for fleire impulsar utanfrå
Det nynorske kompetansesenteret må etablere eit føremålstenleg samarbeid om språkkompetanse med det nye kompetansesenteret for norsk språk som kjem i drift frå 1. januar 2005.

Framlegg til komitémerknad
Komiteen deler departementets syn på at det vil vere føremålstenleg å opprette eit kompetansesenter for nynorsk i opplæringa som blir lagt til Ivar Aasen-instituttet ved  Høgskulen i Volda. Komiteen legg vekt på at senteret utviklar eit breitt samarbeid med andre aktuelle fagmiljø, t.d. Nynorsk kultursentrum. Komiteen vil vidare streke under at senteret må  arbeide med nynorsk både som hovudmål og sidemål, og at det blir stort nok til å få både fagleg og operativ tyngd. Vidare meiner komiteen at senteret må drive forskingsbasert og utoverretta erfaringsutveksling, kompetanseutvikling og motivasjonsarbeid som kan vere til nytte for store grupper av både elevar og lærarar. Komiteen føreset at planane blir konkretiserte i framlegget til statsbudsjett for 2005.

8. Hastetiltak 2004 - 2006
Debatten dei siste åra om nynorsk i skulen har utløyst behov for handfaste svar og målretta handling no. Vi meiner det er nødvendig med hastetiltak og raske, men gode evalueringar av dagens forsøksordningar mens vi ventar på større forskingsprosjekt, kompetansesenteret og andre tiltak. Her står mange miljø klare til å vere med. Nynorsk kultursentrum gjer difor framlegg om at det blir gjennomført eit aksjonsprosjekt frå hausten 2004 til våren 2006, som så blir ein del av grunnlaget for det nynynorske kompetansesenteret. Dette aksjonsprosjektet bør konsentrere seg om:
· Systematisk kartlegging av gode og fornyande undervisningsformer i eit tremånadersprosjekt hausten 2004, gjennomført ved til dømes Høgskulen i Sogn og Fjordane.
· Lage gode system og samhandlingsformer for erfaringsutveksling frå moderne sidemålsundervisning.
· Utarbeide ei kokebok for slik undervisning, for å få fram metodemangfaldet og så vel det faglege som det didaktiske potensialet.
· Utvikle nettverk mellom ein del utvalde skular med nynorsk som hovudmål og nynorsk som sidemål, og mellom skular og abm-institusjonar, og andre former for informasjonstiltak om nynorsk i kvardagen.
 Nokon må halde i trådane i eit slikt prosjekt til senteret er etablert. Nynorsk kultursentrum er viljug til å ta på seg arbeidet med å etablere og gjennomføre prosjektet, men vil vere avhengig av særskilde løyvingar til dette. Vi vil i så fall etablere eit arbeidsnettverk med nøkkelpersonar frå m.a. Ivar Aasen-instituttet og eit par høgskular.

Framlegg til komitémerknad
Komiteen legg til grunn at det vil ta tid å gjennomføre alle dei store tiltaka som meldinga legg opp til. For sidemålsundervisninga sin del må utfordringane få sine første svar før alt anna er på plass. Komiteen meiner difor at det er nødvendig å setje i gang fleire tiltak også på kort sikt. Komiteen har merka seg at fleire miljø ønskjer å vere med og utvikle slike tiltak, til dømes Nynorsk kultursentrum, og bed departementet etablere kontakt med desse for ei første tilbakemelding til Stortinget i framlegget til statsbudsjett for 2005. 

9. Finansiering
Det er strålande at departementet over tid vil bruke fleire milliardar på å utvikle kompetansen til lærarane og skuleleiarane. Vi stussar derimot når vi ser at dei tiltaka som gjeld nynorsk i opplæringa, skal finansierast ved innsparingar i eksamensordningane. Det blir lite att av satsinga på betre innhald og form på undervisninga i nynorsk viss dette skal gjerast avhengig av kor mykje ein greier å spare på eksamensordningar som i seg sjølv kan svekkje statusen for sidemålet.

Nynorsk kultursentrum har ikkje greidd å finne ut kva summar dette kan utgjere. Men når det er tale om ei fleirårig satsing på fleire milliardar, må ikkje nynorsksatsinga reduserast eit reint omfordelingsspørsmål innanfor gjeldande kostnadsrammer. Det må følgje friske midlar med i den tiltakspakken som trengst for nynorsk i opplæringa.

Framlegg til komitémerknad
Det er uklart for komiteen kor mykje av satsinga på kompetanseutvikling for lærarar og skuleleiarar som vil gjelde nynorsk i opplæringa. Komiteen ser det som urimeleg at desse nynorsktiltaka skal gjerast avhengige av det ein kan spare på endring i vurderingsformene. Det må bli sett av tilstrekkjeleg med midlar til å finansiere dei ulike tiltaka som skal styrkje nynorsk i opplæringa.

Vidare arbeid
Nynorsk kultursentrum vonar desse synspunkta har interesse i det vidare arbeidet med saka, og kan på kort varsel møte i samtalar med komiteen, saksordførar eller enkeltmedlemmer viss det skulle vere ønskjeleg. Vi ønskjer lykke til med handsaminga av ei stor sak og set store voner til resultatet!


Med vennleg helsing
Nynorsk kultursentrum

Kari Bjørke (s)                          Ottar Grepstad
styreleiar                                 direktør