Høyringsfråsegn om språk og litteraturpolitikk i bokbransjen

Hovdebygda, 27. mars 2012

Til kulturdepartementet
 
Styret i Nynorsk kultursentrum drøfta i møte 20. mars 2012 dei to utgreiingane som ligg føre om språk- og litteraturpolitiske verkemiddel i bokbransjen.
 
Begge utgreiingane inneheld mykje nyttig og verdfull dokumentasjon, men manglar politiske svar på viktige spørsmål som ikkje er blitt stilte og som burde ha vore med i mandata for arbeidet. I merknadene nedanfor omtalar vi dokumenta som Oslo-utgreiinga og Rønning-utgreiinga.
 
Trass i mykje tverrfagleg forsking kjem mange frå humaniora framleis til kort der det krevst statsvitskapleg innsikt i politiske prosessar og institusjonar. Likeins hamnar ein del samfunnsvitarar og bedriftsøkonomar i trøbbel når dei skal vurdere viktige kulturmekanismar. Oslo-utgreiinga om språk- og litteraturpolitikk i bokbransjen er eit nytt døme på dette. Dels blir utgreiarane fanga av eigne faggrenser, dels av forståingsmåtane til dei aktørane som skal undersøkjast kritisk.
 
Utgreiarane skal vere uavhengige, men blir avhengige av dei som skal granskast og hamnar gong på gong i rein synsing utan empirisk belegg. Sjølv då kan det gå gale med dei enklaste faktum. Oslo-utgreiinga munnar ut i eit framlegg om å innføre «en egen innkjøpsordning for faglitteratur». Den har som kjent eksistert sidan 2006 i utvida form, og i avgrensa form sidan 1990-åra som innkjøpsordning for essayisttisk og resonnerande prosa.
 
Det er ikkje opplagt at forskarar er betre skodde til å føreslå politiske endringar enn andre meiningsskaparar og debattdeltakarar. Vitskapen kan svare på korleis vi bør forstå det som er eller har vore, men vitskapen stiller på linje med alle andre i spørsmålet om kva som bør gjerast. Inga forsking kan svare på om boklov er det beste verkemidlet eller om ei støtteordning er politisk betre tiltak enn ei anna.
 
Nynorsk kultursentrum går ikkje inn på dei bransjespesifikke spørsmåla. Vi vil i staden peike på nokre overordna språk- og kulturpolitiske perspektiv.
 
På sida av Stortingets kulturpolitikk
Nynorsk kultursentrum undrar seg over ein tendens som går att i fleire utgreiingar på kulturfeltet dei siste åra. Forskarar, meiningsdannarar og andre aktørar som går inn i analysar av ulike sider av kulturfeltet, blir for avhengige av kunnskapen og vurderingane hos dei aktørane dei skal vurdere. I høyringsfråsegna vår om innstillinga frå mediestøtteutvalet peika vi på at utvalet hadde tolka mandatet sitt så snevert at språkpolitikken blei meld ut av mediepolitikken. Noko liknande har skjedd i Oslo-utgreiinga, og heller ikkje Rønning-utgreiinga går fri.
 
Vi saknar at desse utgreiingane held myndig fast ved intensjon, retning og tyngdepunkt i den heilskaplege språkpolitikken som eit breitt politisk fleirtal i Stortinget står bak og som er grundig utforma i språkmeldinga, St.meld. nr. 35 (20072008) Mål og meining.
 
Utan å drøfte saka tek Oslo-utgreiinga for gitt at dei språk- og litteraturpolitiske problema er dei same for bokmåls- og nynorsklitteraturen. Det manglar ikkje på dokumentasjon som tilseier det motsette, og Nynorsk kultursentrum har sjølv lagt fram mykje slikt stoff.
 
Ingen av utgreiingane tek omsyn til at Stortinget og oppdragsgivaren gjennom språkmeldinga har slått fast prinsippet nynorsk. Det inneber at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast der norsk språk blir tematisert, og at det må grunngivast viss ein meiner det ikkje er relevant. I Oslo-utgreiinga er dette språkpolitiske spørsmålet framme som snarast når eit brev frå Det Norske Samlaget blir kommentert (s. 82). Eit lite avsnitt frå brevet blir sitert etter denne innleiinga: «Samlaget er opptatt av nynorskspråkets rolle og påpeker følgende i brevet». Dermed plasserer Oslo-utgreiinga ansvaret for nynorsk litteraturpolitikk hos nynorskmiljøet og ingen andre stader. Det er både å bryte prinsippet nynorsk og å vise manglande kunnskap om korleis skriftkulturar utviklar seg og kva ansvar eit fleirtal har for eit mindretal.
 
Nyordet nynorskspråket viser at utgreiarane ikkje er fortrulege med kulturfagleg terminologi. Dei gjer eit nummer av at nynorskforlaget er oppteke av vilkåra for nynorsk, men overser at så godt som alle regjeringar og stortingsfleirtal har vore opptekne av dette sidan bokmål og nynorsk blei jamstelte språk i 1885. Det Samlaget peikar på i brevet, og som er eit sentralt problem i norsk bokpolitikk, kommenterer ikkje utgreiarane i det heile. Endå ein gong blir dermed nynorsk gjort til eit særtilfelle, ei sak for spesielt interesserte. Likevel står det på side 2 i Oslo-utgreiinga at dei har «utredet hvor effektive de språk- og litteraturpolitiske virkemidlene er». Det har dei ikkje gjort.
 
Breie europeisk perspektiv på få tema
Oslo-utgreiinga presenterer mange jamføringar med utviklinga på bokmarknaden i Sverige og Danmark. I eit konvensjonelt bransjeperspektiv gir det meining fordi marknadene har mange fellestrekk, er ganske like store, og er ikkje heilt ulike i strukturar og støttesystem. Når språkpolitikk er poenget, ber derimot ikkje desse jamføringane fordi språksituasjonen er ein heilt annan både i Danmark og Sverige.
 
Difor er Rønning-utgreiinga eit solid og viktig bidrag til utvida forståing av norsk litteraturpolitikk. Utgreiarane har gjort ei god saumfaring av mange emne. Alle litteraturpolitiske verkemiddel er likevel langt frå like utførleg analyserte. Det meste dreiar seg om prissetjing som verkemiddel. Nokså mekanisk blir europeiske erfaringar overførte til Noreg,  utan systematisk refleksjon om språklege og andre skilnader.  
 
Utgreiinga burde i større grad fått høve til å gjere greie for fleire litteraturpolitiske verkemiddel enn prispolitikken, og kva overføringsverdi desse kunne ha. Då måtte nok utgreiarane hatt meir tid til rådvelde.
 
Dei europeiske landa fører svært ulike politikkar overfor sine mange språk og skriftkulturar. Dette kjem for dårleg fram i Rønning-utgreiinga. Der er ein liten merknad på s. 88 om den tyskspråklege marknaden som kryssar ein del landegrenser, men interessa er stor for skilnadene mellom store og små aktørar på bokmarkanden, og liten for skilnadene mellom små og store språk. Difor gir ikkje Rønning-utgreiinga relevant informasjon om bokpolitiske skilnader som følgjer av skiljet mellom spansk kastiljansk og spansk katalansk, eller vilkåra for bøker på walisisk på den engelske bokmarknaden. Dermed er dette i hovudsak blitt ei grundig, men tradisjonell bokpolitisk utgreiing på bransjens premissar.
 
Behov for tiltak tufta på språkspesifikke skilnader
Med god grunn har kulturminister Anniken Huitfeldt lagt vekt på at kulturpolitikk må byggje på solid kunnskap. Som analyse av språk- og litteraturpolitiske verkemiddel overfor norsk bokbransje sviktar Oslo-utgreiinga der den trengst som mest. Rønning-utgreiinga manglar likeins dei språkpolitiske perspektiva og gjennomfører ikkje varsla analysar av emnet.
 
Nynorsk kultursentrum har i ti år utvikla og publisert omfattande dokumentasjon og analysar av viktige utviklingstrekk på bokmarknaden. Vi har vist at generelle tiltak som innkjøpsordningane for litteratur har verka positivt generelt, men har vore mest stimulerande for bokmålslitteraturen. Det trengst større og meir målretta støtteordningar for nynorsk litteratur enn dei som finst i dag for at følgjene skal bli store nok.
 
I mengda av litterære sjangrar og format skil nokre seg ut som særleg viktige for nynorsk skriftkultur. Vi byggjer no opp Olav H. Hauge-senteret i Ulvik som eit dokumentasjons- og formidlingssenter om Olav H. Hauge og lyrikk i alle former. Denne sjangeren er økonomisk marginal, men kunstnarleg sentral både for litterær utvikling og språkleg refleksjon. Saman med den populærvitskaplege delen av vitskapsprosaen er truleg lyrikken den viktigaste språkarenaen for reflektert endring og fornying av språk og språkbruk. Då må drøftingar av rammevilkåra for ulike sjangrar også i eit språkleg perspektiv inkluderast i utgreiingar som skal gi kunnskapsgrunnlag for politisk handling.  
 
Nynorsk er så lite brukt i avhandlingar i høgare utdanning at ei større satsing på faglitteratur for høgare utdanning må til. Først når Rønning-utgreiinga kjem til delrapport B om europeisk fag- og kunnskapslitteratur på s. 134, blir språkpolitikk så vidt nemnt. Det blir ikkje grunngitt kvifor språkpolitikk er relevant for denne sjangeren, men ikkje for andre delar av litteraturen.
 
Rønning-utgreiinga varslar at dei vil inkludere «språkpolitiske og utdanningspolitiske reguleringer som virker inn på tekstproduksjon og bokproduksjon» (s. 134). Etterpå gløymer dei at dei skal gjere dette. Ei like viktig side av saka er nok korleis bokmarknaden samla sett påverkar rammevilkåra for språkpolitikken, men dette kjem lite fram. I eit underkapittel som fyller s. 155161 i ein rapport på 189 sider er det språkpolitiske nemnt i form av presset frå engelsk mot ulike «nasjonalspråk». Viss språkpolitikk i bokbransjen blir avgrensa til forholdet mellom engelsk og engelsk, inneber det ei ganske enkel tolking av kva språkpolitikk handlar.
 
Presset frå engelsk er såleis berre eitt av fleire viktige perspektiv i forståinga av samspelet mellom språkpolitikk og bokpolitikk. Rønning-utgreiinga er uventa nær ved å føresetje den gamle tanken om kvar nasjon sitt språk. Indre språklege spenningar på bokmarknaden i ulike land kunne ha ein klar overføringsverdi til Noreg, men slike analysar manglar Rønning-utgreiinga. Ei varsla drøfting av situasjonen for fagbokforfattarane på ulike «språkmarkeder» viser seg å utgjere halvanna side frå s. 161 og nemner ikkje det språklege i det heile.
 
Ingen av desse utgreiingane gir dermed den dokumentasjonen og analysen som trengst for at språkpolitikk skal bli integrert i litteraturpolitikken. Med mindre hastverk og betre mandat kunne resultatet kanskje blitt det motsette.
 
 
Med venleg helsing
Nynorsk kultursentrum
Reidar Sandal (s)
styreleiar
 
Ottar Grepstad
direktør