Helsing til regionkommunen Ålesund
Ottar GrepstadFoto: Ivar Aasen-tunet

Helsing til regionkommunen Ålesund

Helsing i høve signeringa av intensjonsavtalen knytt til regionkommunealternativet 18.3.2016

Ute ved kysten byggjer dei skip på nynorsk. Inne i fjordane serverer dei alle gode smakar på nynorsk. Ivar Aasen budde mykje lenger i byen enn på bygda. Avstanden mellom bygdene og byen på Sunnmøre har vore større i tankane enn i språket.

Nynorsk kultursentrum gratulerer med ein presis og balansert avtale om språk som vil styrkje samhaldet innanfor kommunegrensene og sikre dei språklege rettane til både byfolk og bonde. Med nærmare 100 000 innbyggjarar blir regionkommunen Ålesund den første store byen med nynorsk til både kvardag og fest. Det gir Ålesund ei sentral rolle både regionalt og nasjonalt.

Vi inviterer leiargruppa i den nye regionkommunen til ein inspirasjonsdag i Aasen-tunet der vi kostar det faglege innhaldet. Eit halvt år seinare inviterer vi dykk tilbake for å presentere det de har utretta språkleg. Di betre resultat, di billigare og kjekkare dag!

 

Med venleg helsing
Nynorsk kultursentrum  

Ottar Grepstad
direktør