Kulturpolitikk for språkleg mangfald 2025

Notat til kulturutredningen frå Nynorsk kultursentrum 27.3.2012

INVITASJON OG NOTAT TIL KULTURUTREDNINGEN 2014
 
Styret i Nynorsk kultursentrum drøfta på møte 20. mars 2012 ein del overordna perspektiv på kulturpolitikk etter 2014. Drøftinga resulterte i eit notat som vi legg ved.
 
Samstundes inviterer vi utvalsleiar Anne Enger med utvalssekretær til styreseminar i Nynorsk kultursentrum i Oslo tysdag 5. juni, eventuelt til styremøte onsdag 6. juni. Møtestaden er ikkje fastlagd enno, men det blir nok i Oslo sentrum. Seminaret tek etter planen til kl. 13.00, og tidspunktet kan tilpassast.
 
Kvart år har vi eit utvida styremøte med ein innleiande seminardel. Denne gongen ønskjer vi å invitere representantar frå styra i fleire nynorsk institusjonar til seminaret. Viss datoen passar for dykk, blir det altså høve til å drøfte ein del overordna perspektiv i eit ganske breitt forum. Vårt eige styre har medlemer frå heile landet og med svært ulik bakgrunn.
På seminaret drøftar vi gjerne spørsmåla i notatet og perspektiv som utvalet arbeider med og ønskjer synspunkt på.
 
Vi ønskjer lykke til med vidare viktig arbeid!
 
 
Med venleg helsing
Nynorsk kultursentrum
 
Reidar Sandal (s)
styreleiar
 
Ottar Grepstad
direktør
 
Kulturpolitikk for språkleg mangfald 2025
Notat til Kulturutredningen frå Nynorsk kultursentrum 27.3.2012
 
Nynorsk kultursentrum er ein nasjonal institusjon for nynorsk skriftkultur med kontor 600 km utanfor Oslo. I dette ligg ein dobbel opposisjon mot eit språkleg fleirtal og eit geopolitisk sentrum. Med 23 stiftarar frå heile landet og med ei verksemd som til no har inkludert 123 kommunar i 18 fylke, er vi samstundes tungt integrert i norsk kulturliv. Den samfunnsrolla som no blir framheva i samfunnsdebatten, har vi 20 års røynsle med å fylle. Ut frå visjonen Nynorsk, sjølvsagt, kor som helst og når som helst er målet vårt å vere ein kulturinstitusjon i dialog med mange land og kulturar.
 
På oppdrag frå Kulturdepartementet planlegg vi no Språkåret 2013. Då er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd, og på den nynorske grunnen skal Språkåret bli ei raus, inkluderande og samlande feiring av språklege skilnader og språkleg mangfald. Dette skal vere året som gjer tilskodarane til deltakarar.
 
Dette er grunnlaget for nokre første prøvande innspel til utvalet som vi gjerne utdjupar ved eit seinare høve. I denne omgang peikar vi på seks overordna perspektiv.
 
1 Tid for endring
Politiske endringsprosessar tek tid. Den kulturmeldinga regjeringa Brundtland la fram i 1992, hadde ringverknader langt inn i det neste tiåret. Også kulturmeldinga frå regjeringa Bondevik i 2003 har fått slike langvarige verknader. Eit tredje politisk dokument med same ambisjonsnivå er språkmeldinga Mål og meining frå 2008. Med gunstige politiske vindar kan innstillinga frå Enger-utvalet om kulturpolitikk etter 2014 setje spor etter seg fram mot 2025.
 
I mellomtida skal det norske demokratiet annakvart år gjere seg opp ei meining om lokal- og rikspolitiske maktfordelingar. Med skiftande politiske regime og langvarige verknader blir det viktig at overordna prioriteringar som det er brei semje om, faktisk blir følgde opp og sette ut i livet. Alt no ser vi at språkmeldinga dreg på åra i politisk forstand ved at det ikkje er etablert noko forpliktande regime for oppfølging.
 
Ein annan tendens er at overordna perspektiv frå slike dokument lett glir ut av den politiske kvardagen. Berre dei to siste månadene har det kome to store utgreiingar om språk- og litteraturpolitikk i bokbransjen. Ingen av utvala som står bak, fekk mandat som inkluderte alle relevante, overordna grep frå språkmeldinga og liknande styringsdokument. I fjor kom ei stor utgreiing om mediestøttepolitikk. Også den plasserte seg på sida av slike overordna språk- og kulturpolitiske føresetnader. Det vi i mange samanhengar har kalla det nynorske blikket, er dermed ikkje brukt.
 
 
2 Demografien og geografiens kulturpolitisike side
Busetnadsmønsteret har endra seg sterkt sidan 1990, og dette er i ferd med å flytte mange tyngdepunkt for kulturelle impulsar. Det er stor netto innflytting til Oslo, Akershus, Hordaland og Sør-Trøndelag, det er stor netto innvandring til Oslo, Akershus og Hordaland, og folkeauken i storbyane er sterk. Barnekulla vekslar i storleik, men er for tida mindre enn vanleg.
 
I første omgang vil vi peike på tre konsekvensar av dette.
Den geografiske endringa svekkjer den daglege bruken av nynorsk, medan den demografiske endringa reduserer mengda av nye nynorskbrukarar.
Vestlandet blir meir og meir dominerande i bruken av nynorsk. Nokre av kjerneområda for nynorsk skriftkultur utgjer det som for tida er vekstregionar
 
Eldrebølgja gjer at den relative sterke perioden for nynorskbruk som 1970-åra var, kan vege opp for noko av den nedgangen som dei demografiske endringane blant barn og unge utgjer.
 
3 Finansiert av og uavhengig av staten
Sidan 2005 har norske offentlege kulturbudsjett auka mykje særleg den statlege delen, medan europeiske kulturbudsjett jamt over har minka. Kommunane og fylkeskommunane forvaltar ein stor del av offentlege kulturmidlar, og dei lokale ringverknadene av desse midlane er ofte stor. Ein aktiv stat i kulturpolitikken er samstundes ein nødvendig føresetnad for at nasjonale og overordna perspektiv på kulturell verksemd skal få den tyngda som trengst.
 
Dei private finansieringskjeldene for kulturlivet har ikkje skrumpa inn, men krava er blitt større frå mange av desse aktørane. Dei vil ha meir att for det dei satsar. Mange av dei private sponsorane er blitt svært profesjonelle aktørar, og det inneber at dei ikkje verkar styrande for dei verksemdene dei samarbeider med.
 
Spørsmålet som må stillast, er om staten med sin store pengesekk er blitt meir styrande enn private kjelder. Ein tydeleg tendens eter 2005 er iallfall at statlege løyvingar er blitt større i kroner, men også har fått eit tillegg av politiske føresetnader for verksemda som blir strekt eit godt stykke forbi krav til korrekt administrasjon og bruk av pengane. Dei fleste kulturinstitusjonane som får driftstilskot frå staten, er sjølvstendige institusjonar i form av stiftingar eller aksjeselskap. Det er rimeleg at staten stiller krav til pengebruken, men desse krava må ikkje skape uvisse om kven som styrer innhald og profil. Dette har vi ved fleire høve streka under overfor Kulturdepartementet dei siste åra.
 
Parallelt med dette har den lokale delen av offentleg kulturforvaltning bygt ned ein god del av sin administrative, kulturfaglege kompetanse. Kulturpolitikken etter 2014 skal dermed formast innanfor spennet mellom ein stat med mykje pengar, ei lokal forvaltning med varierande kompetanse og private kjelder med auka profesjonalitet.
 
4 Politiske følgjer av ein statleg marknadsøkonomi
Dei siste 20 åra er det utvikla ein statleg marknadsøkonomi på fleire område. Pengane følgjer personen i helsevesenet, skuleverket, vitskapen. Finansieringsmodellen for høgare utdanning og dei styringsformene gjeld for høgskular og universitet, stimulerer kvar institusjon til å utvikle strategiar og prioriteringar som isolert sett verkar fornuftig. Dette kan likevel føre til at ingen tek ansvaret for heilskapen. I seinare år har fagmiljø i humaniora skrumpa inn og mista tyngd ved mange høgare utdanningsinstitusjonar. Når slike miljø først er bygde ned, tek det tid å byggje dei opp att, og mangt blir borte på vegen.
 
Det skal godt gjerast å unngå at kulturpolitikken etter 2014 blir prega av dette. Der er etter kvart få skarpe skilje mellom skapande verksemd og kunnskapsproduksjon i eit samfunn der jamt fleire tek høgare utdanning. Sterke realfagsmiljø kan tilføre kulturlivet mykje, men utan breie fagmiljø i humaniora mistar kulturlivet eit grunnelement.
 
5 Kulturell toleranse i ein fleirspråkleg stat
Mangfald er ein måte å tenkje på. Omgrepet kom inn i språket frå biologien og er blitt ein overordna kulturpolitisk metafor. Dette omgrepet seier verken noko om retning eller styrkeforhold og kan dermed kome til å vere avpolitiserande i den forstand at den skjuler konfliktar som bør fram i lyset.
 
Dette skjer ofte i det som kan kallast den nye, fleirspråklege staten Noreg. Då gjeld det å konkretisere kva mangfald dreiar seg om og få fram kva vinst det kan gi kvar og ein. Når mangfald skal omsetjast til praksis, kjem også meiningsskilnadene gjerne til syne. Å vere for kulturelt mangfald i Tromsø kan vere enkelt. Å vere for skilting på fleire språk i byen er for mange alt anna enn enkelt.
 
Stortinget oppheva tilnærmingspolitikken mellom bokmål og nynorsk i 2002, urfolksspråk og historiske minoritetar har fått ein heilt annan posisjon enn dei hadde for ein generasjon sidan, og nye innvandra kulturar har sett mang ein tradisjon i relieff. Berre sidan 2001 har elevar i den norske grunnskulen hatt om lag 200 ulike morsmål. Det historiske mangfaldet skal ikkje vike for eit nytt, men det nye mangfaldet kan gi meir innsikt i kva ein god politikk for mangfald faktisk er. Kulturpolitikken netter 2014 må difor fremje språkleg og kulturell toleranse, og den må fremje respekt for kulturelle og språklege skilnader som ikkje tener til å sementere uønskte sosiale skilander.
 
I dette ligg også at det blir viktig å etablere ei moderne, framtidsretta forståing av den norske språksituasjonen som kan vinne auka tilslutning det neste tiåret. Det blir også viktig å finne ut kva arenaer som er dei viktigaste for ulike skriftkulturar, og kva offentleg kulturpolitikk kan utrette på desse ulike arenaene. Dette har Nynorsk kultursentrum særleg prøvt å peike på gjennom ei rekkje årstalar om tilstanden for nynorsk skriftkultur som er tilgjengelege på aasentunet.no.
 
Kulturpolitikken etter 2014 må såleis inkludere ein offensiv og målretta litteraturpolitikk der ein tek omsyn til at situasjonen for bokmål- og nynorsklitteraturen er svært ulik. Det må førast ein meir selektiv politikk der ein reflekterer over kva rolle ulike litterære sjangrar, format og uttrykk bør spele i framtida frå lyrikk til lokalavis.
 
Den nynorske skriftkulturen er 150 år gamal og byggjer på ein tusenårlang skrifttradisjon. Eit mindretal av all verdas språk kan vise til noko liknande. Å forstå denne tradisjonen, og vere med og utvikle denne skriftkulturen vidare, er den lange oppgåva for oss. Kva det vil seie å føre ein ambisiøs kulturpolitikk i eit samfunn med slike tradisjonar og skriftkulturar, har til no vore lite drøfta.
 
Det blir tenkt annleis om språk og språkpolitikk i Noreg i dag enn for berre nokre tiår sidan. Å kople frå denne endra tenkinga til behov for å endre strategi og tiltak, har vist seg å vere ei krevjande øving. Mange regjeringar har over fleire tiår teke mål av seg til å styrkje nynorsk skriftkultur. Likevel utgjer ikkje nynorskbøker ein større del av norsk bokproduksjon i dag enn for 100 år sidan. Nokre av årsakene til dette kan liggje utanfor det feltet politikk kan sttyre men ikkje alle.
 
Nynorsk kultursentrum lanserte i 2005 prinsippet nynorsk. Det inneber at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast der norsk språk blir tematisert, og at det må grunngivast viss ein meiner det ikkje er relevant. Dette prinsippet er teke tungt inn i språkmeldinga frå 2008, og det blei sanksjonert breitt politisk då Stortinget slutta seg til hovudpunkta i språkmeldinga våren 2009. Prinsippet nynorsk er enno på langt nær implementert og integrert i politikk og forvaltning. Vi trur prinsippet føreset tre overordna strategiar for tiltak i regi av staten og anna offentleg forvaltning administrative system som sikrar at nynorsk blir vurdert eksplisitt, barn og unge må få meir nærkontakt med nynorsk, og det må bli mykje enklare å bruke nynorsk i det offentlege.
Vi vil i det utdjupande notatet gå grundigare inn på ei rekkje utviklingstrekk innanfor den språkdelte norske kulturen.
 
6 Kulturliv mellom skiftande fleirtal og mindretal
Eitt utviklingstrekk som ikkje er nytt, men som no blir tydelegare, er at jamt fleire unge språkbrukarar lever og arbeider i språkblanda miljø. Grunnskulen har på langt nær så mange klassar med berre nynorskelevar i dag som tilfellet var for ein eller to generasjonar sidan. Færre kommunar har no sterkt dominerande nynorskbruk, dvs. minst 90 % nynorskelevar i grunnskulen. Det same gjeld for bokmålsklassar. Fire av ti kommunar har nynorskelevar i grunnskulane sine.
Dei fleste av oss lever i skiftande fleirtal og mindretal, alt etter yrke, høve, privatliv.
 
Kulturpolitikken etter 2014 må formast i lys av dette og ta sikte på å fremje auka forståing for verdien av mindretal. Kva rettar ulike mindretal oppnår, er avhengig av kva plikter fleirtalet er villig til å ta innover seg. Der er fleire slike grunnleggjande samanhengar og moglege problem mellom demokrati og kulturpolitikk.
 
Dei kjem vi gjerne attende til i eit seinare utdjupande notat.