Nynorsk i tiårsperspektivet 2004-2013

KULTURMELDINGANotat til familie-, kultur og administrasjonskomiteen ved open høyring 19.1.2004.

Notat til familie-, kultur og administrasjonskomiteen ved open høyring 19.1.2004
Nynorsk kultursentrum gjer framlegg om slik komitémerknad i budsjettinnstillinga:

Komiteen sluttar seg til framlegget frå regjeringa om å bruke tiåret fram til 200-årsjubileet for Ivar Aasens fødsel i 2013 til ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur som eit ledd i utviklinga av ein samla norsk språkpolitikk. Komiteen er samd med regjeringa i at ei viss positiv diskriminering av nynorsk er rimeleg.

Komiteen legg til grunn at denne satsinga frå statens side blir sektorovergripande. Satsinga bør særleg gjelde tiltak som sikrar at også nynorskbrukarar har tilgjenge til kvalitetssikra kunnskapskjelder i elektronisk form, som stimulerer til samarbeid mellom ulike nynorskinstitusjonar, og som er publikumsretta.

Komiteen bed om at regjeringa i framlegget til statsbudsjett for 2005 utdjupar kva tiltak som bør prioriterast for å styrkje nynorsk skriftkultur fram til 2013, og at dette blir følgt opp i seinare årlege statsbudsjett.

Den første kulturmeldinga som i stor breidd tematiserer nynorsk skriftkultur
Av dei sju kulturmeldingane som er lagde fram i Noreg sidan 1972, er St.meld. nr. 48 (2002-2003) den første som i stor breidd tematiserer nynorsk skriftkultur, og meldinga gjer det på ein måte som er på høgd med si eiga samtid. Det er også den første kulturmeldinga som går grundig inn på språkpolitikk. Kulturministeren har streka under at heile regjeringa står bak meldinga.

Vi deler den situasjonsanalysen regjeringa presenterer i meldinga, og vi er glade for den viljen til språkpolitikk som her kjem til uttrykk. Særleg verdifullt er kapittel "12.7 Aktiv støtte til nynorsk skriftkultur". Det kulturmeldinga manglar, er tydelege føringar som forpliktar budsjettpolitisk. Meldinga må følgjast opp med reie pengar gjennom dei årlege løyvingane over statsbudsjettet.

Ei tiårssatsing for nynorsk 2004 - 2013
I kulturmeldinga skriv regjeringa:

I 2013 er det 200 år sidan Ivar A[a]sen vart fødd, og det tiåret som står att fram til dette jubileet, kan vera eit høveleg tidsperspektiv for eit meir systematisk arbeid med å styrkja den nynorske skriftkulturen. Eit slikt arbeid må skje over eit breitt felt, gjennom eit sampel mellom private og offentlege aktørar (s. 193).


Dette sluttar vi oss til. Eit meir systematisk arbeid føreset at dei aktørane som særleg er involverte, har nokolunde sams mål å arbeide mot. Får situasjonsanalysen i kulturmeldinga brei tilslutning i Stortinget, trur vi det også er mogleg å etablere brei semje mellom private og offentlege aktørar om både mål og tiltak.

Eit typisk trekk for nynorsk skriftkultur er at der er mange handlekraftige miljø og mange institusjonar, men at det alltid manglar pengar til å realisere dei beste ideane. Nynorskinstitusjonar samarbeider betre enn nokon gong og prøver å utnytte den nynorske marknadsmakta som finst. Også i framtida vil likevel nynorsk skriftkultur vere avhengig av målretta offentleg støtte. Ei systematisk tiårssatsing krev større tiltak enn dei som kan realiserast gjennom årlege løyvingar. Difor bør komiteen be om at regjeringa i framlegget til statsbudsjett for 2005 utdjupar kva tiltak som bør prioriterast for å styrkje nynorsk skriftkultur fram til 2013, og at denne saka blir følgd opp i seinare statsbudsjett.

Strategi og tiltak 2004 - 2013
Regjeringa ønskjer i kulturmeldinga å utvikle mål og strategi for ein samla språkpolitikk. Det er ei felles utfordring å fylle dette omgrepet med innhald. Nynorsk kultursentrum er klar til å ta del i dette arbeidet, og vil for sin del leggje vekt på sektorovergripande tiltak som er viktige for nynorsk skriftkultur.

Den nynorske skriftkulturen treng nye tiltak for å tryggje og styrkje sin eigen posisjon. Slike nyvinningar må ikkje gå på kostnad av etablerte institusjonar og ordningar som er velfungerande og som har vist seg å vere føremålstenlege. Både ein del generelle støtteordningar og meir selektive tiltak må haldast oppe og styrkjast, viss det skal gi meining å tale om at begge dei norske skriftspråka skal haldast i hevd. For offentleg sektor vil ei mållov med eit klart og utvide verkeområde vere ein viktig reiskap i heile tiårsperioden.

Ein del tiltak som er viktige for nynorsk skriftkultur, ligg til andre stortingskomitear. Såleis var det svært viktig at det store fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst.S.nr.6 (2003-2004) i spørsmålet om valfritt sidemål bed regjeringa sjå til at "dei språkpolitiske målsetjingane om jamstilling mellom dei to målformene våre vert ivaretekne i utdanningssystemet." Striden om ei forbetra ordning med obligatorisk skriftleg sidemål syner kor viktig det er at nynorsksatsinga fram mot 2013 blir sektorovergripande.

Med ei avgrensing til tiltak som kjem inn under FKA-komiteen sine arbeidsfelt, meiner Nynorsk kultursentrum følgjande tiltak bør vere ein viktig del av tiårssatsinga:

1. Det er brei semje i nynorskmiljøa om at eit allment Internett-leksikon på nynorsk, altså elektronisk kvalitetssikra innhald på nynorsk, er det viktigaste nye tiltaket. Statlege instansar er alt involverte i fleire kunnskapsprosjekt på Internett. Felles for dei fleste er at dei ikkje gjer det eit mindretal av SV, Ap og Sp skreiv i Budsjett-innst.S.nr. 2 (2002-2003) om at slike tilbod må "ivareta den språkpolitiske målsetningen om likestilling mellom bokmål og nynorsk". Kultur- og kyrkjedepartementet går ikkje vidare med saka før Stortinget har handsama kulturmeldinga. Saka bør følgjast opp alt i revidert nasjonalbudsjett 2004.

2. Barn og ungdom sin bruk av eige språk er ein av fleire nøklar til framtida for nynorsk. Den kulturelle skulesekken representerer eit stort potensial, men skal dette tiltaket gi språkpolitisk gevinst, må det kome til uttrykk i profilering og prioritering av prosjekt.

3. Kulturmeldinga peikar på at toleranse for dei nye innvandrarkulturane ikkje må bli eit påskot til å fornekte det tradisjonelle norske kulturmangfaldet. Nynorsk kultursentrum har i årstale nr. 2 om tilstanden for nynorsk skriftkultur dokumentert at språkleg toleranse heng saman med kulturell toleranse: Jo meir positive nordmenn er til nynorsk, jo meir positive er dei også til innvandrarkulturar. I tiåret fram mot 2013 blir det ei stor og sektorovergripande oppgåve å inkludere dette i kulturdelen av norsk innvandringspolitikk.

4. Kulturmeldinga får ikkje godt fram kor viktig pressestøtta er for nynorsken. Kvar fjerde avis i landet er redigert på nynorsk, og årleg går det større summar til nynorskaviser frå denne støtteordninga enn det Norsk kulturråd gir i støtte til nynorskbøker. Ordninga med pressestøtte må halde fram minst på dagens nivå, og fram mot 2013 bør ordninga også få ein språkpolitisk dimensjon.

5. Det store fleirtalet i FKA-komiteen streka i Budsjett-innst.S.nr.2 (2003-2004) under at prosjektet Norsk Ordbok 2014 "skal gjennomføres etter planen". I tiårsperioden bør det utviklast handfaste planar for utvikling av digitale tospråklege ordbøker til og frå nynorsk med grunnlag i dette store prosjektet.

6. Regjeringa peikar i kulturmeldinga på at det bør bli eit tett samarbeid og ei tenleg arbeidsdeling mellom det nye språkrådet, kompetansesenteret for nynorsk mediespråk som styret i NRK har vedteke å etablere, og Nynorsk kultursentrum. Vi har teke kontakt med den nye språkdirektøren og eit første møte blir halde når leiaren for NRK-senteret er på plass. Generelt bør offentleg kulturpolitikk stimulere til samarbeid mellom ulike nynorskinstitusjonar og dra vekslar på den samla kompetansen desse forvaltar.
 
(19.1.2004)