Ala

ord for å få nokon til å veksa opp og trivast...

(verb)
er eit allment og velkjent ord for det å få nokon til å veksa opp og trivast. Eit godt brukeleg synonym er no elles "å fostra". Det kunne tradisjonelt brukast om både dyr og menneske, men i våre dagar er det nok mest dyra som vert oppalne. Somme kjenner kanskje ordet heime alen, er borte galen. Dette er vel eit hint om at ungdomen må koma seg ut og skaffa seg røynsler fleire stader ifrå, om det skal bli skaplege folk av dei.