Asa

er opphavleg eit verb...

(verb)
er opphavleg eit verb med konkret tyding som fortel noko om vind og vêr. Ordet er i slekt med både æsa og øsa og mykje brukt om alt som gjærar og brusar opp. Stormen, vinden asar, heiter det gjerne når det står på som verst på Vestlandet. Sjølvsagt kan ordet brukast overført òg, såleis om ståkut og bråkut framferd. Og her kjem andre landsdelar som Trøndelag og Nord-Noreg sterkare med. Vendingar som asa og masa eller asa og kjasa er velbrukte i mange av dialektane våre.