Avbakleg

er eit ord som høver godt i det distriktspolitiske...

(adjektiv)
er eit ord som høver godt i det distriktspolitiske ordskiftet her til lands. Det tyder i hovudsak 'bakvendt', 'ulagleg' eller 'avsides', og det høyrer med at det gjerne er noko mødesamt og tungvint å ta seg fram for utabygds folk til slike stader. Ordet finst i ymse dialektformer landet rundt, og vi har det både i svensk ('åbäklig') og islandsk ('afbakaligur').