Avlaus

er eit vestnorsk ord som eigentleg tyder ledig eller fri...

(adjektiv)
er eit vestnorsk ord som eigentleg tyder ledigeller fri, og det kan brukast både positivt og negativt. Ei avlaus stund er det same som ei fristund, medan det å kjenna seg avlaus er det same som å vera overflødig eller til overs. Å gå avlaustå driva er såleis ikkje noko moro. Men stundom kan avlaus framferd også stå for vill og galen åtferd, såleis galkøyring med hest eller bil. Somme kan òg reagera i avlaust sinne når dei misser kontrollen.