Baka

er eit ord alle veit om og bruker...

(verb)
er eit ord alle veit om og bruker, men det er truleg mindre kjent at det eigentleg tyder å varma eller heta noko sterkt. I dag tenkjer vi helst på det å baka brød eller andre kornprodukt når dett ordet kjem opp, men vi veit samstundes kva bakt potet er. Også ei steikjande varm sol kan baka oss, og ein sterk dram kan baka somme folk innvendig. Men framleis er det vel slik at det ein sjølv bakar, er det som best smakar?