Banna

er noko ein helst ikkje bør gjera for ofte.

(verb)
er noko ein helst ikkje bør gjera for ofte. Forfedrane våre i norrøn tid brukte det med tydinga forbyeller hindra, men i vår tid tyder det vel helst å lysa ufredover einkvan eller forbanna vedkomande. Til meir ein bannar geitene, til betre trivst dei, seier eit gamalt ord. Det hjelper såleis ikkje alltid å forbanna nokon. No for tida er det godt å ha dette ordet når vi vil sverja og koma med ymse eidar som ikkje høver på prent. Banna bein, seier vi når vi vil slå fast noko.