Baska

det same som "å kava" og "daska" eller "slå ikring seg"...

(verb)
er gjerne det same som "å kava" og "daska" eller "slå ikring seg" med armar og føter eller andre ting. Det ligg noko kavande og strevsamt bak innhaldet i dette verbet, og det er mykje brukt landet rundt. Venteleg er det i slekt med det lågtyske batschen, som tyder "slå noko(n) med flate handa". Nærskylde ord som substantiva bask og basketaker også velbrukte i norsk.