Beine

er eit rotnorsk ord for teneste eller god gjerning...

(substantiv hokjønn)
er eit rotnorsk ord for tenesteeller god gjerning, og det finst både på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, fortel Norsk Ordbok. Den eine beina gjer den andre fal, seier eit gammalt ordtak. Somme kjenner sikkert ordet att frå Olav H. Hauges fenomenale dikt om Osamannen inne i Ulvik som skyssa ein farande fant over fjorden og ikkje ville ta imot pengar for det. "So gjer ein annan mann ei beine då, sa Osamannen og skauv ifrå", skriv Hauge, då den reisande plent ville gjera opp for seg.