Beita

kjem av å bita...

(verb)
kjem av å bita og tyder sjølvsagt å eta gras på rot ute på bøen eller andre stader. Eigentleg står det for få til å bita, og er det vi kallar eit kausativt verb. Det gjev også meining å beita bøen, enga når ein slepper dyra ut for å ta for seg av graset. Ikkje fullt så velkjend er vel vendinga beita ljåen, kniven som då fortel om noko kvast som bit. I Sunnhordland kan det jamvel heita å beita fisken når dei får han til å bita på kroken.