Bia

er eit gammalt ord i norsk,...

(verb)
er eit gammalt ord i norsk, og det tyder framleis å venta eller gje tol. Verbet er nytta i fleire ordtak, sikkert av di det er stutt og greitt reint rytmisk og har eit romsleg innhald. Et ein godt, så kan ein bia lenge, heiter det såleis i eit ordtak av Ivar Aasen. Og når ski og skeiser går styrlaust fort så ski- og skeiserennaren ikkje greier å følgja med, heiter det at skiene/skeisene biar ikkje på meg. Og så er bia fyrstelekken i namnet på den landskjende idrettsbanen Bislett (= bi-så-litt) i Oslo!