Bivra

er sjeldan å sjå på nynorsk no for tida...

(verb)
er sjeldan å sjå på nynorsk no for tida, men dei gamle målkultane nytta det ofte. I målføra finst det vestafjells og i dalstroka innanlands.Det tyder å skjelva eller dirra og kan brukast til å skildra redsle, støkk og tilstanden ved sterk kulde. Makti bivrar i kvar sen og sege, skriv A.O.Vinje når han omtalar sterke maktpersonar i si eiga samtid. Og frå norrøn mytologi kjenner mange sikkert ordet bivrost som var eit namn på regnbogen, som gjerne skjelv i sju fargar der han kvelver seg over jorda.