Brote

er eit velkjent ord for dei fleste,...

(substantiv hankjønn)
er eit velkjent ord for dei fleste, og då helst i tydinga mengd, dunge eller haug. Det er nærskyldt verbet å bryta. På bokmål er skrivemåten bråte, så ordet finst ikkje berre i nynorsk. Jamnast er det haugar med kvist og kvas vi tenkjer på når ordet brote kjem opp. Men vi kan òg bruka det om dyr, skor, klede o.l. dersom det er ei stor og noko uskipa mengd det er tale om.