Sakalav

I det nordnorske talemålet er ein sakalav...

(substantiv hankjønn)
I det nordnorske talemålet er ein sakalav helst ein noko drikkfeldig og usætande mann. Ordet har ikkje opphaveleg dette innhaldet, men det vart knytt i hop med noko framandsleg og derfor kan henda skremmande. På gamle misjonskart finn vi det ('sakalava') som nemning for ei folkegruppe på Madagaskar, den store øya utafor austkysten av Afrika.