Skuleha

I målet på Grytøya nyttar ein uttrykket...

(verb)
I målet på Grytøya nyttar ein uttrykket skuleha om å kjefta opp nokon. I opphavet heng det i hop med å ha nokon i skule, læra ein noko, til dømes om skikk og bruk, eller om den måten ein bør gjera noko på. Meir kjent er kan henda uttrykket stå skulerett, då nytta om ein som vart skulehatt, eller teken i skule.