Slalåm

er vorte eit verdskjent eksportord...

(substantiv hankjønn)
er vorte eit verdskjent eksportord frå norsk kultur og landskap. Ordet er samansett av adjektivet sla (= slak, hallande) og hokjønnsordet låm (=løype, spor). Fyrstelekken sla- , som finst i dialektane i Hardanger og Øvre Telemark, er meir sjeldsynt enn låm, men begge orda finst i Nynorskordboka. Telemark er òg kjernestaden for sistelekken låm.