Svartelars

Kjært barn har mange namn, kaffikjelen har ...

(substantiv hankjønn)
Kjært barn har mange namn, kaffikjelen har såleis fleire. Kolbrennaren i Kolbotnen kokte i Svartelars, vanlegare er Kaffilars eller berre Han Lars. Kaffi - helst på kaffibar - er populær som aldri før. Hermed gratis namnetips til kaffibarar frå Garborg og Dagens ord.