Tese

er eit slags skor, gjerne til kvardagsbruk.

(substantiv hokjønn)
er eit slags skor, gjerne til kvardagsbruk. Dei er nok ikkje så ofte å finna heime hos folk lenger, for det var gjerne simple greier, oftast avklipte gummiskor, og gjerne både nedtrødde og utslitne. Desse skorne fanst sikkert mange stader, men ordet er best belagt frå Nord-Vestlandet og dalføra austafjells. I dag nyttar folk gjerne sandalar eller tøflar i staden for teser.