Tremelera

Når ein i Rødøy snakkar om at nokon tremelerer,...

(verb)
Når ein i Rødøy snakkar om at nokon tremelerer, så betyr det at dei bråker eller herjar. I Rana trillar ein derimot rundt, om ein gjer det. Ordet er lånt inn, det finst mellom anna i fransk ('tremuler') med innhaldet 'skjelva'. Og vi kjenner det òg som eit musikkuttrykk, om å laga tonar med vibrasjonar (tremulantar).