Ellen Einan

Ellen Einan

Poet Ellen Einan frå Svolvær debuterte i 1982 med boka Den gode engsøster. Einan var då 51 år. Olav H. Hauge vert ofte sett på som ein sein debutant. Sjølv gav han ut si fyrste diktsamling i 1946, 38 år gammal.

I dagboka etter Hauge finn vi spor etter fleire «samtalar» mellom poeten frå Lofoten og diktaren frå Hardanger. Ellen Einan sende diktsamlingar til Hauge, og Hauge skriv i dagboka, som her 9. september 1982:

Upphaldsvêr, litt sol òg. Ellen Einan i Svolvær sender meg brev og manus,

– Solum Forlag vil gjeva ut eit utval av dikti hennar. Ho vil eg skal sjå på

utvalet. Eg veit kven som har stade for utvalet, sjefen ringde og fortalde litt

um boki. Odd Abrahamsen har valt, og gjort det godt. Eg synest ho skal

vera fornøgd og lita på det gode forlaget. – Ho sender meg ei teikning, den

er framifrå, ein akvarell er det vel. Minner um Blakes, i[n]spirert.

 

Ellen Einan
Ellen Einan

Debutsamlinga til Ellen Einan Den gode engsøster kom ut i 1982. Gjennom dei to første og mange seinare samlingar, skapte Einan eit særeige musikalsk og poetisk univers. Sjølv om ho debuterte seint vart ho, gjennom ein tiårs periode, ein av dei mest markante samtidslyriske stemmene i Norden. Einan var også ein dyktig teiknar og illustrerte sjølv mange av bøkene sine.

I november 1983 høyrer Hauge Einan på radioen, og skriv;

I kveld høyrde eg Ellen Einan las dikt i radio frå Tromsø. Uvanleg

vakker røyst. Ikkje Nordlandssong i målet, godt riksmål. Røysti var ein

drøymars. Merkeleg, ho les framifrå. Kva menneske er det?

 

I den tredje diktsamlinga til Einan, Jorden har hvisket, som kom ut i 1984 står diktet «Jeg er kanskje ensom».

 

Barnet med de gyldne blikk dro.

Barnets trøye ligger hos meg og lyser.

Jo, det er mørkt ute.

Mørke fugler i mandarintreet.

(...)

Jo, du kommer nok opp danserinneveien.

Danser inn min huds stille nattdør.

Er ved tunge tankens krukke.

Setter nye unge skudd der.

 

(Utdrag)

 

Same året kan vi lese i dagboka til Hauge;

Ellen Einan gjer det godt. Fint, godt at eg fekk hjelpa henne litt i veg.

Etter det eg ser, er det surrealismen som er i skotet millom dei unge.

Ja, motebylgjone kjem seint hit upp.

 

På nyåret i 1985 sender Hauge si eiga bok, Dikt i umsetjing, frå Ulvik til Svolvær. Han skriv;

Sendt "Dikt i umsetjing" til Ellen Einan. Ho har sendt dei tri diktsamlingane

sine til meg, etter kvart som dei kom ut; difor hadde eg hug å senda

henne ei liti helsing, endå eg såg i eit blad at [ho] brydde seg ikkje um

vers.

I boksamlinga til Hauge finn vi fem bøker av Ellen Einan. Det er dei tre fyrste samlingane frå 1982, 1983, og 1984. Så finn vi dei to seinare samlingane hestene våkner i duggtoneengen frå 1989 og de syv nattstegene frå 1992. Einan gav i alt ut 14 bøker mellom 1978 og 2009.

 

Ellen Einan
Ellen Einan

Rett før jol i desember 1992 kjem Hauge heim frå ein tur til Voss. I postkassa ligg det ein ny bok frå Ellen Einan.

– Då eg kom heim, låg Ellen Einans siste bok i posten med helsing,

"hestene våker i duggtoneengen" er den underlege titelen. Eg har alt lese

boki. Eg synest det er gildt at ho hugsar på meg.

 

Same året skriv også Hauge;

Ellen Einan er «hinsides all fornuft». Mange prøver å vera det i dag.

For henne er det natur, ho er soleis. Jan Erik skriv so vakkert um henne.

 

Vi finn utklipp av nettopp Jan Erik Vold sin omtale, då vel og merke av debutantboka til Einan, i Den gode engsøster (1982) som står i Hauge sin boksamling.

 

Ellen Einan
Ellen Einan

Jan Erik Vold er begeistra for lyrikken frå denne «mørke og merkelege» poeten i nord, og avsluttar si bokmelding slik:

Med sine 88 dikt har Ellen Einan allerede bygd seg et eget poetisk univers - nytbart for den som hengir seg til musikken i det, fordrende for den som vil knekke koden, i hennes gåtefulle tale.

Diktartavla er ein litterær pris som kvart år går til ein markant norskspråkleg lyrikar. Prisen blei initiert av Olav H. Hauge, og blir i dag delt ut av Hauge-senteret og Hardanger Folkemuseum. I 2012 går Diktartavla til Ellen Einan. Det er no gått 30 år sidan ho sende si første diktsamling til Hauge, 20 år sidan den fyrste diktartavla vart delt ut, og 18 år sidan Hauge gjekk bort. I Diktarstien på Utne ligg diktartavla til Einan, som ein del av den stien som varsamt trer fram og ligg som ein lyrisk løyndom i museumstunet. Verselinjene på steintavlene har poetane vald sjølve, og på Ellen Einan si tavle står det:

Alt jeg bad om

Venter ved porten

Elvebarn

Lystrær

Engler

 

 

Ellen Einan
Einan diktartavla
Ellen Einan
Diktarstien

 

Så møtes dei på ein måte att, Hauge og Einan, i det skrivne ordet, i verselinjene som ligg att…. 

 

Ellen Einan gjekk bort i 2013, 82 år gamal. Vil du vite meir om Einan sin forfattarskap kan du byrje med å lese om ho hjå det digitale oppslagsverket Allkunne 

Vil du sjølv søke i boksamlinga til Hauge? Det er mogeleg, og det kan du gjere her