Månadens bok: Hauk
Foto: Illustrasjon: Susanna Kajermo

Månadens bok: Hauk

Hauk vaknar opp åleine i ei stor seng. Før sov pappa òg i senga, men no er han borte. Kva har skjedd med pappa?

Månadens bok: Hauk
Hauk

Forfattar Sivert N. Nesbø er ute med si første barnebok denne hausten; Hauk. Boka kastar ljos på dei vanskelege kjenslene og tankane kring sakn og lengsel. Dette er ei bok som frå eit barns perspektiv skriv om ein vaksen som ikkje er der lengre. Korleis kan eit barn forstå at ein forelder er borte? Korleis tenkjer barn rundt omgrepa alltid, ikkje lengre, kanskje ikkje? Abstrakte omgrep for barn, som treng ei nærare forklaring for å kunne bli forstått. For forfattar Sivert N. Nesbø er dette sentrale punkt han ofte skriv rundt, også i sine bøker for vaksne. 

I Hauk les vi om ein far som ikkje er der lengre, saman med ungane sine. Nett kvar han er, eller kva som har skjedd, får vi ikkje vite, og det er heller ikkje avgjerande for å forstå historia. Det som er mest viktig i denne forteljinga er korleis dette fråværet blir skildra, og korleis ein kan prøve å forstå eit slikt fråvær. Korleis opplever Hauk at far plutseleg er vekke? Korleis opplever dei andre vaksne rundt Hauk dette, og korleis kan ein snakke saman om det?

I eit intervju med Deichmans Litteraturblogg sommaren 2019 vart forfattaren Sivert N. Nesbø spurt om kva som er ei god barnebok for han. Svaret synes eg er så fint, og fell også naturleg saman med korleis eg les boka om Hauk;

Sei det. For meg har ei god barnebok, nett som ei god vaksenbok, ei form for song i seg, og ber òg i seg noko som rører ved eitkvart ukjend i lesaren. Og viss boka er retteleg god, har ho òg dette særeigne ved seg, som berre kunne verte formidla i nett ei bok og i nett det språket forfattaren har nytta, det som gjer at det ovrar seg noko som for lesaren var ukjend før boka vart lesen.          

Boka er nydeleg illustrert av Susanna Kajermo. Kajermo har ein særeigen og var blyantstrek som står godt til historia. Mange av illustrasjonane er reine gråblyantteikningar utan innslag av farge. Likevel opplever ein teikningane som svært levande og kjenslevare. Kajermo er biletkunstar og illustratør, og har ei rekkje utstillingar i inn og utland bak seg.

Hauk kom ut på Det Norske Samlaget denne hausten. Du finn boka i museumsbutikken på Hauge-senteret.