10. Notid og framtid

10. Notid og framtid

"Eg er overtydd om at det vil vere avgjerande for nynorsken si rolle i salmesongen i framtida at det vil vere nynorske omsetjarar som kan gripe tak i det beste frå den verdsvide kyrkja og gje oss dei beste omsetjingane, dei som vinn fram i kampen om salmesjela," avsluttar Arve Brunvoll.

Norsk salmebok 2013

Tekst: Arve Brunvoll

I hovudsak er den nyaste salmeboka ei vidareføring av den fornyinga som kom i 1985. Somme nynorske omsetjingar har gått, og nye er komne til. Det gjeld dei fleste av dei kategoriane vi har nemnt før. Viktige nye tekstar vert her attgjevne også på nynorsk. Verdt å merke seg er den store interessa for den såkalla “keltiske” tradisjonen, representert m. a. ved songar frå Iona-rørsla. Somme av songane her er på nynorsk. På nokre område tek NoS 2013 store steg. Ei rad med songar frå den ikkje-vestlege verda er med. Av dei som er på norsk, er det også ein del på nynorsk. Av dei som vert kalla gospel- og lovsongar, er det snautt nokon på nynorsk. Mellom “spirituals” er det sumt på nynorsk. Av Taizé-songane er det også nokre på nynorsk.

Det eg meiner vi skal merke oss med stor glede, er at nynorsk har ein viktig plass som omsetjingsspråk på alle områda i den nye salmeboka, dvs. i alle kategoriar. Dette har samanheng med det som også gjev grunn til glede: Den store breidda av omsetjarar til nynorsk, som er komne til etter generasjonen av pionerar. Dei er no i mange aldrar, men mange er unge. Eg har funne ut at (med mitt) er det omsetjingar til nynorsk frå 33 nye omsetjarar i den nyaste salmeboka, attåt det som kjem frå dei gamle, store.

Konklusjon

Nynorsk har ikkje hatt nokon store moderne, fulltids salmediktarar, ingen Svein Ellingsen eller Eyvind Skeie. Den produktive Trygve Bjerkrheim har ikkje fått slik inngong i den kyrkjelege songen som desse to nemnde. Når det gjeld nye songar på nynorsk, skal vi likevel ikkje gløyme dei, for det meste unge, nynorske salmediktarane som no etter kvart kjem fram. Om det vil kome ein nynorsk “gullpenn”, veit vi ikkje. Medan vi ventar, må vi satse på at det nye tilfanget av salmar på nynorsk i form av omsetjingar av det økumeniske og historiske materialet skal vere så stort som råd er. Eg er overtydd om at det vil vere avgjerande for nynorsken si rolle i salmesongen i framtida at det vil vere nynorske omsetjarar som kan gripe tak i det beste frå den verdsvide kyrkja og gje oss dei beste omsetjingane, dei som vinn fram i kampen om salmesjela.

Teksten er frå føredraget «Nynorsk salmeomsetjing» i Ulvik kyrkje, 11.9.2016. Tilrettelagt for nett av Olav H. Hauge-senteret 23.9.2016.

Foto: Den Norske Kyrkja