2. Det byrja med Blix

2. Det byrja med Blix

Byrjinga til den nynorske salmeomsetjinga, ikkje berre den originale salmediktinga på nynorsk, kan vi vel gje Elias Blix æra for.

Byrjinga

Tekst: Arve Brunvoll

Byrjinga til den nynorske salmeomsetjinga, ikkje berre den originale salmediktinga på nynorsk, kan vi vel gje Elias Blix æra for. Blix sjølv fortalde i 1901:

So var det diktaren Aasmund Vinje; han melde salmarne strakst i “Dølen” - paa sin eigen maate, men mykje rosande; han saag i dei ein lovnad “baade um ei norsk salmebok og ei norsk bibelumsetjing.” Fyrr hadde han ofte sagt, at han gjekk med tvo store fyremaal: aa umsetja Homer og bibelen paa landsmaal; men daa det fyrste vesle salmeheftet kom, sagde han: “no tek du bibelen, so greider eg Homer.”

Meldinga av Nokre Salmar stod i Dølen på sjølvaste påskedagen, sundag 28. mars 1869, under overskrifta "Ei ny Salmebok":

I denne vesle Bok fraa det Norske Samlag, som her er Test for all denne Tale, der hava me ein Mann, som tek dette Stig fullt ut, og derfor verdt der og Tone til hans Tanke og Fylle i hans Følelse. Det er med faa Ord eit utrulegt godt Arbeid, og eg skulde taka myket imiste, om ikke dette er ei Vendebok i vaart theologiske Bokrike. Her er ein Theolog, som baade ved sin Lærdom og i si Dogmatik er urørande og med det Kjenskap til den Norske Tunga og den Dugleiken i Tilgjerd af sit Tanketo, at nokot fullgyldigt kan koma fraa hans Haand sovel i bunden som ubunden Stil. Her er Utsigt baade til ei Salmebok og ein Bibeloversettelse i Landsmaalet. Dette hava Folk som eg lenge ventad paa, og det skal derfor Ingen undras paa, at me ero glade, naar me sjaa Likning til, at slikt kan koma.

Vinje lovar faktisk å omsetje Homer, om han lever lenge nok. Men til bibel og salmar må det til ein som folk lit på som ein truande. "Folk maa tru, at Mannen trur, skulle dei tru paa honom." Det må til "Theologer, som ero faste i dei dogmatiske Haandgrip og Fotlag."

Vinje sluttar meldinga med å gje att "den gode gamle Paaskesalme" "Som den gylde Soli bryter."

Her er det interessant at Vinje sluttar med å gje att ei omsetjing av ein Kingo-salme.

Dette viser at oppgåva med å skape ein nynorsk salmesong var tvifelt: Det trongst nye salmar, og ein laut kome til rettes med arven av kjende, innsungne salmar, som det var utenkjeleg å kaste frå seg. Slik var salmesongtradisjonen i Noreg då arbeidet med å skape ein nynorsk salmesong tok til. Det var eit massivt tilfang av salmar på norsk-dansk frå den tysk-danske salmetradisjonen (Gerhardt, Kingo, Brorson, Grundtvig) og den nyare norske (Landstad).

Byrjinga av den nynorske salmediktinga og salmeomsetjinga må Elias Blix få æra for. Utan Blix hadde vi ikkje fått det som kom seinare. Det trur eg fullt og visst. Han var gudsend då tida var mogen. Blix var både original diktar og omsetjar. Han gav oss både ei nyskaping av salmar på norsk mål og omsetjingar av viktige salmar frå den tidlegare tradisjonen. I dei to fyrste hefta av Nokre salmar var det eit stort fleirtal av omsette tekstar. Av Blix sine 150 salmar i 1891 utgåva av Nokre salmar er 64 omsetjingar (!).

Les vidare her.

Teksten er frå føredraget «Nynorsk salmeomsetjing» i Ulvik kyrkje, 11.9.2016. Tilrettelagt for nett av Olav H. Hauge-senteret 23.9.2016.

Biletet er av "Salmar og Songar" av Elias Blix.