4. Frå bokmål til nynorsk

4. Frå bokmål til nynorsk

Den kortaste vegen til salmar på nynorsk var nok ofte å omsetja frå bokmål.

Omsetjinga av dei bokmålssalmane som fanst i tidlegare salmebøker. 

Tekst: Arve Brunvoll

Med dette tenkjer eg på salmar som opphavleg var norske, og på dei som hadde anna opphav, særleg dansk og tysk, og som var kjende på bokmål.

 Frå Blix låg det føre eit stort tal av nynorskomsetjingar av slike tidlegare kjende salmar. Han gav att Philipp Nicolai: “Vakna upp! So ljodar luren” og Brorson: “Den store kvite flokk med sjå/som tusund berg med nysnø på”. Også av omsetjarane etter Blix, særleg sjølvsagt utgjevarane av Nynorsk salmebok, var det eit stort tal av slike “fornorskingar” av kjende salmar som vart laga.

 Korleis arbeidde omsetjarane med dei opphavleg, for det meste tyske og danske, tekstane? Gjekk dei til originalane? Dei var språkkyndige nok. Blix var den store språkmannen med lange opphald i Tyskland. Han kjende sjølvsagt dei tyske songane i originalen frå sine opphald i landet. Men vi veit kanskje ikkje kva for tekstar som Blix hadde føre seg då han gjorde dei einskilde omsetjingane. Biografen Anders Aschim seier iallfall ikkje noko om dette, eller om omsetjingane i det heile. Eg kan ikkje finne klåre døme på at Blix sine omsetjingar av tyske (eller danske) salmar inneheld moment frå originalen, som ikkje alt finst i dei tidlegare omsetjingane, bortsett frå oppslaget åt salmen “Vakna upp! So ljodar luren”, som til skilnad frå omsetjinga “Sions vekter hever røsten” gjev att originalen: “Wachet auf ruft uns die Stimme”. Eg har heller ikkje hjå dei seinare omsetjarane i Nynorsk salmebok i nokon av salmane funne noko element frå originalen, som ikkje finst i dei tidlegare norske omsetjingane. Omsetjarane kan sjølvsagt likevel ha hatt originalane framføre seg. Dei hadde sikkert Kingos salmebok i bokhylla iallfall.

Les vidare her.

Teksten er frå føredraget «Nynorsk salmeomsetjing» i Ulvik kyrkje, 11.9.2016. Tilrettelagt for nett av Olav H. Hauge-senteret 23.9.2016.

Biletet er av Elias Blix.