5. Frå latin, engelsk, islandsk og svensk

5. Frå latin, engelsk, islandsk og svensk

I Nynorsk salmebok var like mange salmar omsett frå islandsk som frå engelsk.

Dei nye salmane

Tekst: Arve Brunvoll

Men no til det som er mi hovudinteressse spørsmålet om nynorsk salmeomsetjing, historisk og aktuelt, og med omsyn på framtida åt nynorsk salmesong i det heile: I utgangspunktet hadde eg den teorien at det var lite nytt i dei omsette salmane i Nynorsk salmebok og Landstads reviderte salmebok. Eg såg ein stor motsetnad til situasjonen ved den store revisjonen som førde fram til framlegget til ny salmebok 1981 og Norsk salmebok 1985. Då var utgangspunktet at vi skulle ha ei sams salmebok med eit mykje vidare salmetilfang enn før, historisk og økumenisk. Når eg no har gått gjennom materialet i Nynorsk salmebok og Landstads reviderte, ser eg at vi kan gjere pionerane urett om vi trur at det berre er vi, neste generasjonen, som tenkte nytt og ville utvide salmerepertoaret. Salmearbeidet på 20-talet føregrip det som slo ut 40-50 år seinare.

Om vi held oss til Nynorsk salmebok: Både når det gjeld salmar frå den gamle kyrkja, og endå meir det økumeniske salmetilfanget, inneheld Nynorsk salmebok vesentlege nyskapingar. Dette gjeld også Landstads reviderte. At det ikkje var slik at Nynorsk salmebok berre hengde seg på, kjem fram av at fleire av dei nye, økumeniske salmane i Landstads reviderte er henta frå dei nynorske førelegga, tenk berre på “Leid, milde ljos” og “Lov Jesu namn og herredom”.

Nokre var frå latin, fleire var frå engelsk, like mange frå islandsk, somme også frå svensk. Salmesongen vende seg altså no mot vest og mot aust, ikkje berre mot sør. Her er det verdt å merke seg at når det gjeld latinske og engelske salmar, var det om lag likt tal i Nynorsk salmebok og Landstads reviderte. Men det var ikkje utan vidare dei same engelske salmane som var med i dei to bøkene. Det viser at redaktørane ikkje herma etter kvarandre, men hadde sjølvstendige tilhøve til den engelske tradisjonen. Når det gjeld latinen, merkjer Nynorsk salmebok seg ut med dei norske mellomaldarsalmane frå Seljumannamessa og Olavssongane. Av dei fyrste er “Lov Kristi velgjerd, evigt stor” og av dei andre “Ljoset yver landet dagna”, salmar som er med oss enno. Heilt spesielt var det med dei islandske salmane, som det var 18 i talet av i Nynorsk salmebok (+ ein færøysk og ein grønlandsk), mot ein islandsk i Landstads reviderte. Mellom dei islandske var sjølvsagt Hallgrímur Pétursson representert, med “Guds Son dei tok til fange” (oms. av Støylen), som vi enno har med oss, og “Som fagre blomen ydder” (oms. av Hovden), som vi no saknar. Av svenske var det også fleire i Nynorsk salmebok enn i Landstads reviderte.

No må vi ikkje tenkje at alt det nye vart skapt i samband med Nynorsk salmebok. Det fanst eit tilfang av nynorske salmeomsetjingar før denne salmeboka, som vi har nemnt ovenfor. Ein særleg plass hadde her Støylens Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte, som kom i fleire utgåver før Nynorsk salmebok.

Les vidare her.

Teksten er frå føredraget «Nynorsk salmeomsetjing» i Ulvik kyrkje, 11.9.2016. Tilrettelagt for nett av Olav H. Hauge-senteret 23.9.2016.

Biletet er av Anders Hovden.