7. Frå kva til kva?

7. Frå kva til kva?

To viktige spørsmål i salmehistoria er korleis valde dei kva salmar dei skulle setja om og korleis skulle dei gjera salmane norske.

Kjeldene til dei nye salmane

Tekst: Arve Brunvoll

No til eit spanande spørsmål: Kvar tok omsetjarane tekstane frå til dei salmane som ikkje var omsette til nynorsk frå før, og korleis arbeidde dei?

Merk at Blix omset ”Den siste skilnad”, ikkje frå islandsk, men etter Grundtvig (NoS 1985, 847). Og Nynorsk salmebok nemner ikkje eingong den islandske forfattaren Sigurður Jónsson. Elles kjem ikkje omsetjingane av nye salmar frå Blix. Det tyder vel at Blix ikkje søkte nye salmar i nye kjelder.

Dei seinare omsetjarane, dei som kom til å prege Nynorsk salmebok med nye ting, hadde truleg eit anna utgangspunkt. Med omsyn til Støylen kan vel ikkje vere tvil om at han hadde med seg engelske songar frå sitt opphald i Wales. Han hadde sikkert HA&M. hjå seg. Og han hadde, som sagt ovanfor, i biblioteket sitt den oldkyrkjelege litteraturen og sikkert hymnene på latin. Hognestad må også ha hatt tilgjenge til originaltekstane åt omsetjingane frå tysk og engelsk. Salmebokredaktøren Åge Haavik skriv til meg:

Jeg har for øvrig i mitt eie en liten utgave av The Book of Common Prayer med Hymns Ancient and Modern, som Hognestad har signert i «Edinburgh mai 1910». Da jeg i sin tid viste den til Støylen, sa han at den har han nok kjøpt da han var på det årets misjonskonferanse, og la til at det er sikkert etter den han har oversatt “Lead, kindly light”.

Andre, som Johannes Gausdal, omsette også engelske salmar som han må ha hatt frå originalen. Eit spesielt spørsmål er kva som førde til at Garborg sette om “All hail the power of Jesus’ name”. Det skal ha vore ein av redaktørane av Kirke og Kultur som kontakta Garborg i 1898. Når det gjeld omsetjingane av islandske salmar må Støylen og Hovden definitivt ha gått gå til dei islandske originalane.

 

Skal salmane gjerast norske?

Eit anna spørsmål: Finst det noko originalt norsk i dei nynorske salmeomsetjingane? Det kan vi spørje om både i høve til fornorskinga av dei tradisjonelle salmane og omsetjinga av dei nye. Er dei, for å nytte eit aktuelt moteord, ‘stadeigengjort’? Finst det norske referansar, metaforar, simili o. l.? Ikkje mykje, etter det eg kan sjå. Det einaste eg har funne hjå Blix, er i omsetjinga av “I Jesu navn skal all vår gjerning skje”, der Blix både har ført inn “himmelhamn” og “livsens sæle øy”. Og så er det eit paradedøme hjå Støylen. I omsetjinga av Paul Gerhardts “Geh aus mein Herz und suche Freud”, “I denne fagre sumarstid”, tek den norske naturen og jordbrukslivet over, der Gerhardt eigenleg skildrar ein litterær natur. Og så har vi eit artig døme på at Støylen strevar litt. I 3. verset syng Gerhardt:

 

Die Lerche schwingt sich in die Luft,

das Täublein fleugt aus seiner Kluft

Und macht sich in die Wälder;

Die hochbegabte Nachtigall

Ergesst und füllt mit ihrem Schall

Berg, Hügel, Tal und Felder.

 

Gerhardt syng altså om lerka, duva og nattergalen.

I Songboka syng Støylen:

Høyr, lerka tirlar høgt i sky

Og svala må or reidet fly

Og gauken gjel i lundar.

Småfuglar syng i skogen sval

Og songen fyller fjell og dal

I stille morgonstunder.

Støylen tek sjølvsagt vare på lerka. Og så får han inn gauken som gjel. Han har sikkert likt seg då. Den eksotiske nattergalen ofrar han gladeleg for småfuglane. Men så var det denne svala. Kanskje var det Hognestad som sa: “Du Bernt, denne lina med svala er ikkje heilt god.” Og Støylen kom att med framlegget “I lufti svala snøgt mon fly.” Og Hognestad sa:”Hm, det får no gå, det.” Og slik vart det i Nynorsk salmebok. Men i framlegget til ny salmebok frå 1981 var svala borte, og inn var kome “Og staren byggjer reir på ny.” Kven har gjort dette? Det kom inn på møtet vi hadde i salmebokkomiteen på Utstein kloster i 1976, men eg kan ikkje seie kven som kom på det.

 

At det er lite av slik stadeigengjering i salmeomsetjingane, er ikkje meint som kritikk frå mi side. Tvert i mot. Eg er samd i at det skal vere slik. Så langt det er råd, skal vi la den opphavlege songaren få syngje til oss frå si tid og sin stad når vi tek hans ord i munnen, elles vert det ‘omdikting’ heller enn ‘attdikting’. Eg er ikkje uvitande om at eg med dette vågar meg ut i det farlege området som heiter tolkingsteori (hermeneutikk), men den kan eg ikkje ta opp her. Eg berre postulerer eit standpunkt.

Lagnaden åt omsetjingane i Nynorsk salmebok

Korleis har det gått med omsetjingane frå Nynorsk salmebok? Eit spørsmål er nærliggjande: Kva var kvaliteten på omsetjingane av dei kjende salmane, som fanst før på bokmål? Mykje var godt, sumt var gjerne snikra for fort. At det i det heile er særs få (nokre er det) av dei tidlegare omsette tradisjonelle salmane som kom til å trengje ut dei opphavlege på bokmål i dei nye salmebøkene, er ikkje til å undrast over. Stort sett var dei vel ikkje nyskapande nok til å slå ut det etablerte. Det er mest berre som dublettar desse omsetjingane er vortne førde vidare. Somme av dei står nok der for di visse tider i kyrkjeåret treng dublettane, men det er også somme som har gått vidare for di dei hadde slik kvalitet at dei ikkje burde verte borte.

Dette gjeld også omsetjingane av Blix. Av dei 74 omsetjingane til Blix i Nynorsk Salmebok (N) er det i NoS 2013 15 att, av dei er det 3 som ikkje er dublettar.

Hovden hadde 81 i Nynorsk Salmebok (N), i NoS 2013 er det om lag 15, av dei er det 8 som ikkje er dublettar, Støylen står i ei særstode. Av dei 135 omsetjingane til S i N er 38 som har gått vidare til NoS 2013, av dei +÷ 24 som ikkje er dublettar. Det seier noko om kvaliteten og originalet i tilfanget frå Støylen.

Av Hognestad sine 7 salmar i N er det 5 som står i NoS 2013, 3 som ikkje er dublettar. Desse er klassikarar, ein kan ikkje tenkje ei salmebok utan dei. 

Les vidare her.

Teksten er frå føredraget «Nynorsk salmeomsetjing» i Ulvik kyrkje, 11.9.2016. Tilrettelagt for nett av Olav H. Hauge-senteret 23.9.2016.

Biletet er av Peter Hognestad.