8. Salmerevolusjonen på 60- og 70-talet

8. Salmerevolusjonen på 60- og 70-talet

På denne tida kom for alvor det økumeniske bidraget inn i norsk salmesong.

Salmerevolusjonen på 1960-70-talet

Tekst: Arve Brunvoll

På denne tida kom for alvor det økumeniske bidraget inn i norsk salmesong. Frå sitt internasjonale kyrkjearbeid kom Johannes Smemo heim og gav ut Salmer fra søsterkirkene 1964, Gamle salmer og nye, 1965. Smemo omsette både til bokmål og nynorsk. 4 nynorske har vi enno med oss i den nyaste salmeboka.

Og så kom Olav Hillestad heim frå England med den nye engelske ungdomssongen, med lett synkopert rytme (som til denne dag ingen kyrkjelyd greier å syngje). Men han skreiv ikkje nynorsk.

Samstundes, og kanskje i samband med dette vart det endeleg brote ned eit skilje, som det ikkje var råd å halde oppe i møtet med det nye. Vekkingssongane, gamle og nye, den såkalla “bedehussongen”, kom i eit nytt lys. Vi kunne ikkje underslå det bidraget som bedehussongen og den frikyrkjelege songen lenge hadde gjeve til økumeniseringa av den kristne songen/salmesongen. Han hadde for lenge sidan opna opp for den svenske og engelskspråklege, f. o. f. amerikanske, vekkingssongen. Særleg Sangboken åt dei kristne organisasjonane hadde samla opp i seg mykje av dette. Då salmebokkomiteen, der eg var med, utan atterhald la bort det konstruerte skiljet mellom salmen og den ”åndelege songen”, fekk dette også gjennomslag i salmeboka. Brått var det fleire som måtte reknast som nynorske salmeomsetjarar. Av dei nyare var det ikkje minst Trygve Bjerkrheim som merkte seg ut, både som originaldiktar og som omsetjar.

 

Les vidare her.

Teksten er frå føredraget «Nynorsk salmeomsetjing» i Ulvik kyrkje, 11.9.2016. Tilrettelagt for nett av Olav H. Hauge-senteret 23.9.2016.

Biletet er av Trygve Bjerkrheim (foto: Kristent pressekontor)