9. Norsk Salmebok 1985

9. Norsk Salmebok 1985

I 1985 vart det ei felles salmebok for nynorsk og bokmål.

Norsk Salmebok 1985

Tekst: Arve Brunvoll

For arbeidet med ny salmebok låg det føre eit vedtak om ei sams salmebok. Tida måtte no vere mogen for det. I det låg det også at salmeboka måtte innehalde nok nynorsksalmar til å halde gudsteneste på nynorsk. Låg framtida for nynorsk jamstelling då i ei vidareføring av dublettane til bokmålssalmar og til bokmålsomsetjinga av kjende salmar? Dette vart ikkje konklusjonen. Utgangspunktet var at vi skulle ha ei sams salmebok i hovudsak med salmar som kvar var på en eine eller den andre målforma. Vi var altså samde om at vi skulle ha lite av dublettar. Dette kom det protestar mot utanfrå, Ikkje rart, for det var sjølvsagt ei utfordring at innsungne nynorskvariantar skulle verte borte.

Men tanken var at dette skulle gje gav rom for fleire originale salmar på nynorsk og omsette salmar som stod berre på nynorsk. Dette ville vi ikkje skulle skje ved at fleire gamle salmar kom på nynorsk i staden for på bokmål, jamvel om vi fekk døme på at ei nynorsk omsetjing kom i staden for bokmålsomsetjinga som stod i Landstads reviderte. I staden vart det ei opning for nye omsette salmar på nynorsk. Når det gjeld satsinga på å vinne det ”nye” økumeniske og historiske materialet for nynorsken, lyt eg få vere så personleg at eg seier dette var ei stor sak for meg. For meg stod det klårt at framtida for nynorsk salmesong ikkje låg i fleire dublettar som kunne nyttast i nynorskområde, men at vi, i tillegg til at vi fekk nydikta salmar på nynorsk, også kapra mest mogleg av det nye materialet som alle ‘måtte’ syngje, både i Førde og på Frogner. M. a. o.: Omsetjingane måtte bidra til at nynorsk vart eit allment salmespråk, meir enn før. Når eg seier “nytt”, så meiner eg slikt som vi ikkje hadde hatt før. Det kunne vere både historisk og økumenisk nytt, frå andre tider og frå andre stader. Det gjaldt då å gripe tak i dei nye salmane som det kom framlegg om å omsetje, slik at ei god nynorsk omsetjing kunne kome først, men også å leite aktivt etter slikt som burde vere med, og som då kunne presenterast på nynorsk med det same.

Kva for salmar frå andre stader og tider kom inn? Det er vel rimeleg å nemne fyrst den angelsaksiske salmetradisjonen. Det var det som mange hadde snakka om at vi vanta. Ikkje minst gjaldt det dei engelske melodiane som fylgde tekstane. Det må vere lov å seie at ein vesentleg del av dette nye tilfanget kom i nynorsk omsetjing og har vorte mykje brukt. Vi fekk også frå dei vestlege øyane døme på den reformerte psalmodien, dei metriske Davidssalmane, som var særleg viktig i den skotske tradisjonen, også det på nynorsk (t. d. attdiktinga av Salme 23 “Min hyrding er vår Herre Gud”). Og vi fekk den fyrste tilknytinga til den irske songen, med gamle tekstar til nyare irske melodiar (“Deg å få skode er sæla å nå”). Frå svensk fekk vi nynorske omsetjingar av store samtidige svenske salmediktarar (Anders Frostenson, Britt Hallquist). Og vi fekk viktige salmar frå den gamle kyrkja, frå latin. Når det gjeld vekkingssongane som kom med, er det vel rett å seie at nokre, men ikkje mange omsetjingar av slike kom på nynorsk. Det har samanheng med at mykje av dette tilfanget var innsunge på bokmål frå før. Og så må vi ikkje gløyme at vi fekk med to av dei viktigaste salmane frå tysk i det 20. hundreåret, av Jochen Klepper (“Det langt på natt mun vera”) og Dietrich Bonhoeffer (“Av gode makter verna som eit under”), båe på nynorsk.

Så skal vi også merke oss at det var fleire nye omsetjarar komne til i NoS 1985. Attåt T. Bjerkrheim (med 10 salmar) var det Ragnhild Foss, Bj. Norheim, Alfred Hauge, Nils Lavik, Tormod Vågen o. a. Eg får også lov å nemne at eg var mellom dei.

Les vidare her.

Teksten er frå føredraget «Nynorsk salmeomsetjing» i Ulvik kyrkje, 11.9.2016. Tilrettelagt for nett av Olav H. Hauge-senteret 23.9.2016.

Biletet er av Alfred Hauge (foto: Knut S. Vindfallet)